Ikkje rart bilhandlar Kjell Fylkesnes smiler breiare og breiare etter kvart som den siste finpussen blir utført på den nye Lidl-butikken på Heiane på Stord.

Lidl-forretningane på Stord og Os blir i desse dagar klargjorte for vareinnrykk. Begge er med i den første bølga på rundt 25 Lidl-butikkar som opnar i Noreg. Opningsdatoen er framleis hemmeleg for andre enn lojale, unge og ordknappe Lidl-sjefar i mørke dressar og ditto Audi-bilar.

Lidl-etableringa kloss i E 39 på Stord har vore alt anna enn kontroversiell. Kommunen gav tyskarane rask og problemfri sakshandsaming, den etablerte daglegvarehandelen er budde på den skjerpa konkurransen.

— For oss er det fantastisk. Me har fått to gullkanta naboar i Rema 1000 og Lidl, seier Kjell Fylkesnes.

Fylkesnes Bil avslørte god forretningsmessig teft då tomten på Heiane blei kjøpt i 1991. Ni år seinare blei det den mest synlege tomten ved innfallsporten til Trekantsambandet.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, var Lidl villige til å kjøpa ut Fylkesnes for å få hand om området der bilbutikken og verkstaden ligg. Men tyskarane måtte nøya seg med naboarealet hundre meter lengre sør.

Rema 1000 flytta i fjor inn i nye lokale som ligg like inntil Lidl. Frå før er Coop Mega etablert på Heiane. På Stord har daglegvarekjeda Spar forretningar på Haga og Ådland, Fokus på Leirvik, Rimi på Leirvik og i Sagvåg, Drageset Spar ved E 39 ved Leirvik, Meny på Leirvik og Kiwi i Sagvåg.