Fotograf Bjørn Senderud hjelpte veslejenta Liv med morgonstellet då dei høyrde eit brak over seg.

Volvoen til svigerinna kom susande gjennom lufta, sneia borti hjørnet av hustaket og ei kasse der kaninen Geir Morten, til dagleg berre Geiren, har buret sitt. Geiren er like heil, men bilen, som var til sals, auka slett ikkje i verdi. Bilen deiste i hagehellene med frontlyktene først, og vart ståande loddrett.

Saman med ein annan bil stod han parkert på betongtaket over garasjen. Hadde jordraset som gjekk i Brekkereino i går morgon også dytta den andre bilen utfor, ville dei to med morgonstellet fått eit høgst utriveleg besøk gjennom taket på badet.

Hus øydelagt

Jordmassane støytte inn i husa til Skeide og Rode på oppsida av Brekkereino, den øvste gata i Seimsfeltet på Voss. Huset til Skeide er stygt ramponert, medan Rode sitt hus stod imot. Det har bakvegg av betong heilt opp til loftet. Berre terrassen på vestsida av huset strauk med. Jordmassane taut deretter mellom dei to husa, og tvers over vegen før bilen på garasjetaket på nedsida vart dytta gjennom gjerdet og utfor.

NTNU-student Kjell Håvard Skeide var heimom til foreldra på Voss i helga.

— Eg vakna av eit brak, og merka at senga flytta på seg. Det var ikkje noko hyggeleg oppleving i stummande mørke, vedgår Skeide overfor Bergens Tidende.

Lettare skadd

Det gjekk fort opp for han at ytterveggen på huset var slått inn og at gjørma seig innover golvet. Senga stogga mot nokre småmøblar ved motsett vegg.

— Korleis kom du deg ut av rommet?

— Mor mi hadde vakna av bråket, og ho greidde å opna døra såpass at det kom lys inn frå gangen. Så smatt eg ut, og fekk roa ned mor mi.

— Eg var heilt roleg, påstår Lilly Skeide, men vedgår overfor Bergens Tidende at ho var redd gjørma skulle stiga så raskt at døra, som svingar inn i rommet, ikkje let seg opna vidt nok til at sonen skulle koma seg ut.

— Heldigvis gjekk det godt, istemmer faren. Knut Skeide konstaterer at sonen slapp frå det med eit kutt i leggen og nokre skrammer. Han var innom sjukehuset, der han kjapt vart lappa saman att.

— Ikkje verre enn eit moderat sykkelvelt, kommenterer Kjell Håvard.

Huset rista

I nabohuset heldt Lin Anita Rode på med morgonstellet med ungane.

— Huset rista voldsomt, og eg forstod ingenting. Men så ringde Bjørn Senderud og fortalte at han hadde fått ein bil i hagen. Eg såg ut, og merka at terrassen og hagen var borte, seier Rode til Bergens Tidende.

Rode kjøpte huset for fem år sidan. Det vart bygt i 1978-79, eit typehus for bratt terreng som Hibahus utvikla i samband utbygginga av dette bustadfeltet på Seim like vest for Voss sentrum. Bakveggen er av betong heilt opp til loftet. Grunnmuren står på fjell. Skeide sitt hus har bakvegg i tre, med ein støttemur i betong to meter bak.

— Muren heldt, men dei blaute jordmassane rann over murkanten, fortel Knut Skeide til Bergens Tidende. Han merka seg at dørene gjekk tregt då dei evakuerte. Difor er han redd huset har fått meir skade enn den synlege på bakveggen.

51 evakuert

Politiet bestemte i går at 51 personar i 15 hus på Voss skulle evakuerast. Av desse er 12 hus i Brekkereino og tilstøytande Seimshagen, tre i nærleiken av bekken på Seim som no går flaumstor og trugande. Dei som ikkje flytta inn til slektningar, overnatta på Park Hotell Vossevangen.

— Ein geoteknisk ingeniør kjem til Voss tidleg tysdag morgon, så sant vegane er farbare. Først utpå dagen vert det bestemt om dei evakuerte kan flytta heim att tysdag, fortel ordførar Bjørn Christensen til Bergens Tidende. Det kommunale kriseteamet kom saman i går morgon.

— Kjem kommunen i eit erstatningsansvar her?

— Slikt får vi ta seinare. No held vi fokus på praktiske ting, seier ordføraren.

Kommunen sine folk patruljerte i går dei stroka i kommunen som erfaringsmessig er utsett for flaum, med tanke på førebyggande tiltak eller evakuering.

FEILPARKERT: Bjørn Senderud fekk svigerinna sin bil solid planta i hagen. Han hjelpte veslejenta Liv med tannpussen då bilen kom susande rett utanfor baderomsveggen.

RUNE SÆVIG (foto)

JORDRAS: Raset vart utløyst i bratta nedom innmarka på garden Brekkù, dunka borti to hus på oppsida av vegen og dytta bilen ned i hagen på nedsida. I det kvite huset øvst til venstre vart Kjell Håvard Skeide lettare skadd då bakveggen vart slått inn. Det brune huset til venstre har bakvegg i betong, men miste rekkverket på terrassen over tilbygget.

RUNE SÆVIG (foto)