Bunaden var ei bryllupsgåve frå alle Hardangerkommunane, og er laga av Bunadsloftet i Øystese. På førehand knytte det seg stor spenning til om kronprinsesse Mette-Marit kom til å ta på seg bunaden under Hardangerbesøket.

Til ståande applaus gjorde ho entre i bunaden i den ærverdige spisesalen på Sandven Hotel i Norheimsund. Like før hadde ho motteke ein liten kvammabunad til sonen Marius, ei gåve frå Fosso-slekta hennar i Hardanger.

17. mai-stemning

Postkort-Hardanger viste seg fram med skinande sol, blånande fjordar og norske flagg, då den kongelege kortesjen køyrde frå Voss til Hardanger i går ettermiddag.

I Øystese var det reine 17. mai-stemninga, då kronprinsparet kom fram til Ingebrigt Vik-museet ved 15.30-tida. Langs riksvegen stod forventingsfulle bygdafolk i finstasen og venta. Det er lenge sidan dei kongelege stoppa i Øystese sist.

— Det var i 1960, minnast 75-åringen Bjørg Soldal.

— Kong Olav vitja stortingsmannen Jakob N. Vik, og åt middag i storstova hans. Den minste guten min var eitt år, og eg hadde sydd ein ny, gul kjeledress, som han hadde på seg for første gong.

Imponert Mette-Marit

Også venninnene Gjertrud Kvamsøy (92) og Sigrid Melstveit (87) hadde funne seg ein fin utkikkspost langs reiseruta.

— Eg likar kongehuset godt, eg, og har følgt med dei i mange år, seier Gjertrud.

Etter den private omvisinga på Ingebrikt Vikmuseet i Øystese, gjekk turen vidare til Hardanger Fartøyvernsenter. Der vart Mette-Marit svært imponert over båtbyggjarane, som blant anna demonstrerte byggjing av ei stor Lista-skute.

— Så sterke de er. Eg er imponert! ropar ho.

Romantisk rotur

Ein armada av robåtar følgde kronprinsparet på ein romantisk rotur frå fartøyvernsenteret til hotellhagen i Norheimsund. Om bord var det til og med tid til eit lite kyss.

Eit tusental kvemmingar var møtt fram for å ta imot dei i ettermiddagssola, saman med Hardanger Big Band.

— Det er kjempeflott at dei vil kome til små plassar som Norheimsund, seier rojalist og bestemor Karen Børve til BT.

Ho hadde tatt med seg dotter og barnebarn både til Øystese og Norheimsund for å få med seg det kongelege besøket.

— Eg samlar både på bilete av og bøker om dei kongelege. Kronprinsparet er flott og sympatisk, og Mette-Marit klarar seg bra, sjølv om ho har ei vanskeleg rolle, meiner Karen.