Aker Stord har hatt eit svare strev med å skifta ut rusta røyr etter at fabrikasjonsfeilen hos den italienske leverandøren blei oppdaga i fjor vår. I desse dagar er det vinterkulda som seinkar framdrifta på olje— og gassplattforma.

Likevel lovar Aker Stord og Statoil at plattforma vil forlata verftet som planlagt 1.april og vera på plass like utanfor kysten av Sogn og Fjordane i god tid før produksjonsstarten i oktober i år.

— Verftet har gjort ein stor innsats for å ordna opp i problemet saman med oss, seier Kjetel Digre, Statoils direktør for olje- og gassprosjektet Gjøa, som får verdas første el-drivne mobile plattform med kabel frå land.

To milliardar dyrare Av utbygging- og driftsplanen frå 2007 gjekk det fram at Gjøa-prosjektet ville kosta 31milliardar kroner. No seier kalkylen 33 milliardar, blant anna på grunn av røyrproblema.

— Utskifting av røyr og andre tilpassingar har kosta rundt 750 millionar kroner. I tillegg har det nye bore- og brønnprogrammet og ein generelt sterk prisauke i prosjektstarten påført oss ekstrakostnader, forklarte Kjetel Digre på ei pressevisning ved Aker Stord onsdag.

1500 personar arbeider for å gjera plattforma ferdig. Gjøa-prosjektet er i dag det største i Nordsjøen.

Milepæl for Sogn, CO2 og GDF Med Gjøa - og satellittfelta Vega - blir den første petroleumsutbygginga i Sogn og Fjordane ein realitet, sjølv om fylket går glipp av el-forsyning til plattforma frå Lutelandet. Krafta skal leverast frå Mongstad.

Olje-og gassplattforma skal operera berre vel 40 km frå kysten, og kan tydeleg sjåast frå land i godvêr. Franske GDF Suez, som får operatørskapet ved produksjonsstarten - for første gong på norsk sokkel, etablerer ein forsyning- og logistikkbase for Gjøa/Vega i Florø med tolv arbeidsplassar.

El-forsyninga frå land fører til at Gjøa sparar atmosfæren for inntil 210.000 tonn av klimagassen karbondioksid (CO2) årleg. Det tilsvarar utsleppet frå 100.000 personbilar.

Gjøa og Vega skal produsera olje og gass i minst 12-15 år. Olja skal gå i røyr til Mongstad-terminalen, gassen i røyrleidningen Troll II til St. Fergus i Skottland.

RØYR-RØR: Utsnitt av røyrgatene på Gjøa-plattforma som har måtta fått nye deler på grunn av feilproduksjon. Foto: Ove A. Olderkjær