Etter forsterking av skroget som ved ein glipp var utelate, kunne «Gjøa» forlata Aker Stord i åttetida søndag morgon.

Bak fire muskuløse slepebåtar er konstruksjonen til nærmare ti milliardar kroner på veg til oljefeltet som ligg i synleg avstand frå Ytre Sogn og Sunnfjord. Der skal franske GDF Suez frå oktober for første gong operera eit felt i drift på norsk sokkel, med basefunksjonar i Florø.

— Utruleg godt

  • Utruleg godt å endeleg senda plattforma ut til feltet. Det ligg mange millionar arbeidstimar bak dette, seier Statoils utbyggingsdirektør for Gjøa-feltet. Statoil er operatør for Gjøa i utbygginsgfasen, GDF Suez overtek når produksjonen startar.

— 2010 er eit svært viktig år for selskapet vårt, når vi blir operatør for eit stort felt på norsk sokkel. Med Gjøa blir ein ny provins i Nordsjøen opna for langsiktig utvikling, seier administrerande direktør Terje Overvik i GDF Suez E&P Norge.

«Gjøa» blir verdas første flytande plattform med straum frå land. Kabelen frå Mongstad sparar miljøet for årlege utslepp tilsvarande 100.000 personbilar. Kabelen blei lagt i mai.

45 km til land

«Gjøa» blir slept i fire-fem knops fart opp Langenuen og ut Selbjørnsfjorden til ope hav. Ferda tek vel 30 timar til oppankringsplassen på 370 meters djup 45 km vest for Sogn og Fjordane.

Installering av i alt seksten ankerkjettingar og straumkabelen vil etter planen ta fem dagar, ifølgje Per Brevig, som følgjer utslepet av plattforma søndag. Brevig er byggekontraktansvarleg for Statoil i prosjektet.

«Gjøa»-plattforma veg 35.000 tonn. Over det 110 gonger 85 meter store dekket stikk flammetårnet 117 meter til vêrs.

Om bord skal det i driftsfasen arbeida 32 personar til ei kvar tid. Mellom 40 og 70 Aker Stord-tilsette arbeider med ferdigstilling og testing om bord fram til produksjonsstart, som ifølgje Brevig skjer i tråd med tidsplanen.

PÅ VEG: «Gjøa»-slepet på veg ut Langenuen mot Selbjørnsfjorden søndag ettermiddag. FOTO: Ove A. Olderkjær