TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no — Vi opplever den totale ansvarsfråskriving, seier fiskeoppdrettaren til Bergens Tidende. Braanaas siktar til at ingen vil gje eit klart svar på tilbodet.Samferdsledepartementet har overraskande nok snudd, og synest no idien om at Braanaas skal privatfinansiere vegen mot å få seks nye oppdrettskonsesjonar i Ytre Sogn er god. Dei ber Braanaas forhandle med Fiskeridepartementet om dei seks konsesjonane. Fiskeridepartementet tolkar derimot utspelet frå oppdrettaren som ein søknad om nye konsesjonar. Difor ber dei han sende søknaden over til Fiskeridirektoratet.- I realiteten har Fiskeridepartementet sagt nei utan å seie det. Det hadde vore ærlegare med eit klart avslag enn å gå rundt grauten, seier Braanaas. Det vekte stor oppsikt då fiskeoppdrettaren tilbaud seg å byggje fastlandssamband til ytre deler av Gulen kommune. Inkludert bru over Brandangersundet, ville Braanaas spandere 65 millionar kroner i veganlegget. Som motyting ville selskapet hans, Firda Management, ha seks nye oppdrettskonsesjonar.- Mange jubla over utspelet. Vanlege folk har forstått at dette var ein god idi, sier Braanaas.