– Det er stor skilnad på å vera sin eigen sjef, i fhøve til det å vera tilsett, seier Rita Berg. Saman med Rebecca Marwoll driv ho Alfa Hårstudio AS på Heiane.

– Ein lærer mykje av nett det, skyt Rebecca Marwoll inn. Men det har vore ein særs bratt lærekurve for dei to damene. For to år sidan jobba dei saman på Aqua frisør og parfymeri, og sysla med planar om å verta eigne sjefar.

– Så når me fekk spørsmålet om å overta, var det ikkje vanskeleg å ta valet, seier Marwoll.

– Eit nederlag

– Det var mykje kamelar i "påsen", seier ho. Det viste seg etter kvart at rekneskapsbyrået dei brukte ikkje gjorde jobben sin, og gav dei mellom anna ikkje månadsrapportar om korleis økonomien låg an.

– Me etterlyste dei fleire gonger, og fekk alltid til svar at dei skulle koma, seier Berg. Medan dei venta på å få oversikt over økonomien sin, valde dei å overta ein frisørsalong til.

– Me hoppa nok for fort på det neste prosjektet, sjølv om me brukte rådgjevar, innser Berg.

– Det viste seg at ingen av dei tala me fekk oppgjeve på førehand stemte, held ho fram. Det har vore tunge stunder for dei to ferske sjefane.

– Det har vore mykje lærdom på kort tid. Det har vore eit skikkeleg helseslit heile året, seier ho. Ingen kontraktar var på plass før jul, og dei fekk truslar om at dei ikkje godtok ting som dei var, risikerte dei søksmål mot seg. Midt oppe i dette, slutta vedkomande som hadde jobba som rådgjevar for dei. Til slutt var dei nøydde til å slå begge salongane konkurs.

– Det var eit veldig nederlag, innrømmer Marwoll.

Heiane det nye Raglamyr

– Me visste jo ikkje om me kom til å få butikkane tilbake, seier ho.

– Det har vore mykje nattlege telefonar til kvarandre, seier Berg. Men no ser alt så mykje lysare ut for dei to driftige damene. No har dei starta opp igjen med Alfa Hårstudio, medan Aqua frisør og parfymeri ikkje kjem til å bli starta opp igjen.

– Problemet på Bytunet var at det minka på kundane våre. Me hadde dei faste, men drop-in vart det færre av, og då forsvinn mykje omsetjing, seier ho. Difor er det Heiane dei satsar på no.

– Når det i tillegg er gratis parkering på Heiane, var det ikkje eit vanskeleg val å ta, seier ho.

– Heiane er det nye Raglamyr, seier Marwoll.

Kjekt å vera sjef

– No er me fire frisørar og ei lærling, og me vil ta inn fleire etter kvart. Men me byrjar forsiktig, me vil ikkje hoppa på for mykje, seier Berg.

– Målsetjinga vår er å ha nok folk til å kunna ta imot utan å måtte avvisa nokon, seier ho. Responsen frå gamle kundar har vore strålande.

– Dei har vist at dei set pris på oss, og seier at det er kjekt at me er i gang igjen, seier Marwoll. Begge understrekar at sjølv om det er dei som eig salongane, er dei ikkje sjefar i den tradisjonelle forstand.

– Me vil jobba for å få til eit best mogleg arbeidsmiljø. Me vil ikkje vera nokon sin sjef, me vil at alle skal ta ansvar, seier Marwoll.

– Det som er kjekt som sjef er å sjå kven som går i lag og kven som ikkje går i lag, det er ei utfordring, seier ho. Sjølv dei to eigarane er relativt ferske bekjentskap for kvarandre,

– Me har berre kjent kvarandre i to år, seier Berg. Ho er sunnmøring, medan Marwoll er bømling. Sjølv om det har vore mykje motgang har dei hatt god støtte.

– Me vil retta ein stor takk til huseigar Jens Tore Engevik og revisor, dei har hjelpt oss mykje, sluttar dei to ferske butikksjefane.

Sunnhordland har den siste veka prøvd å koma i kontakt med dagleg leiar i det aktuelle rekneskapsbyrået utan å lykkast.

Les meir her:

Ny kunnskap i gammal skule

Flyplassen på randa av konkurs

Køyrde på felgen

Fleire konkursar, færre nyregistreringar

Frå Klondyke til kvardag