JOHN LINDEBOTTEN

Han er ikkje overraska over at samferdsleministeren, frå Venstre, hoppa over Hardangerbrua.

— Vi meiner vi har eit godt utgangspunkt for å greia finansieringa på eiga hand. Den finansieringsplanen vi har sett opp, går ut frå full utbygging til ein pris på opptil 1,88 milliardar kroner. Då hadde vi med 230 millionar kroner i statleg medverknad. Men etter vår meining bør oppgraderinga av Vallaviktunnelen og ny veg over Bu-platået trekkjast ut av bruprosjektet, fordi det er tiltak som må gjennomførast anten brua vert bygt eller ikkje.

— Då er vi nede på 1,65 milliardar for brua og det som trengst av tilknyting til eksisterande vegnett. Og då har vi trekt ut dei 230 millionane frå staten. Resten skal uansett dekkast av fylkeskommunen., kommunane og bompengar, seier Einar Lutro.

— Men først skal det sjølvsagt gjerast ein skikkeleg jobb inn mot Stortinget, for å sjå om det ikkje kan skaffast plass til brua likevel i Nasjonal Transportplan(NTP), seier Einar Lutro.

Stortinget skal vedta NTP før sommarferien.