På ein pressekonferanse på Stord hotell klokka 19, blir det kjend kven som får milliongåva frå Stiftelsen Ådland studentheim. BT er kjend med at den heldige mottakaren er Studentsamskipnaden ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH). Midlane blir øyremerkt til studentbustader på Rommetveit på Stord.

— Det er kjekt å dela ut millionar, seier advokat Audvald Kvamme.

Han har vore styreleiar i Stiftelsen Ådland Studentheim på Stord sidan 1985. No leiar han avviklingsstyret for stiftinga etter at Stord kommune kjøpte studentheimen for ni millionar kroner i fjor.

Lottogevinst

Etter vedtektene skulle pengane som blei att i stiftinga, tilbakeførast til Kunnskapsdepartementet. Ein klausul i vedtektene sikra derimot at pengane kunne bli verande på Stord. Midlane måtte då gå til ein verdig mottakar som hadde med stiftinga sitt føremål å gjera, forklarer Kvamme.

— Avviklingsstyret har gjort ei vurdering og er einige om at pengane bør gå til Studentsamskipnaden ved HSH. Dei skal vera øyremerkte til studentbustader på Rommetveit, seier advokaten.

Direktør Heidi Aarøe Moe i Studentsamskipnaden ved Høgskolen Stord/Haugesund er over seg av begeistring.

— Dette er heilt fantastisk. No har studentane på Stord vunne i lotto, seier direktøren.

Vil modernisera hyblar

Ho er svært glad for arbeidet som advokat Audvald Kvamme og stiftinga har lagt ned. Innsatsen deira sikra at millionane etter salet av studentheimen, blei att i regionen og ikkje hamna i sluket i statskassa.

— Dette er ein vinn-vinn-situasjon. Me er kjempeglade for denne løysinga med at Stord kommune har overteke dei gamle studenthyblane, medan me kan få utvikla bustadtilbodet til studentane på Rommetveit, seier Aarøe Moe.

På Rommtveit har HSH i dag 150 hybeleiningar som blei bygde på 60- og 70-talet. Dei ligg vakkert til ved sjøen, men treng oppgradering.

— No får me ein unik sjanse til å realisera ei modernisering, seier direktøren.

Deler kjøken og bad

Lærarstudent Ole Jacob Ravn Ottesen er styreleiar i Studentsamskipnaden og vil representera studentane på festmiddagen på Stord hotell i kveld.

— Dette var svært gledeleg. Gåva vil vera med å sikra rehabilitering på studentbustadene på Stord. Dette er pengar me verkeleg treng, seier Ravn Ottesen.

Han viser til at fleire av dagens hyblar deler bad og kjøken og treng oppgradering.

— Studentar i dag har høgare krav enn den gong bustadene blei bygde på 60- og 70-talet. Eg trur denne gåva vil bli veldig godt motteken blant studentane, seier han.

Sikra seg inntekter

Den gamle studentheimen på Ådland står no framfor ombygging, og Stord kommune har lansert ulike planar for både omsorgsbustader, legesenter og samlokalisering av tenester innan pleie og omsorg i bygget.

Opphavleg blei bustadblokken bygd i 1977 med 120 hyblar for studentar ved Stord Sjukepleiarhøgskule. I 1987 var stiftelsen Ådland Studentheim registrert som eige føretak. Det skjedde etter at sjukepleiarutdanninga blei overført frå fylkeskommunen til Staten. Skuledelen blei då overført til Statsbygg, og bustaddelen ved sjukepleiarhøgskulen blei skilt ut og overført til Stiftelsen Ådland Studentheim.

Føremålet med stiftinga var å skaffa bustad til sjukepleiarstudentar. Fram til 2002 var det i hovudsak berre studentar som budde der, men då sjukepleiarhøgskulen flytta frå Ådland til nye bygg ved HSH på Rommetveit, blei det ein kraftig reduksjon av studentar som nytta hyblane.

Stiftinga sikra seg likevel inntekter gjennom utleige av hyblar til pasientar ved Stord sjukehus og deira pårørande, samt kortids- og langtidsutleige til både private verksemder og offentlege institusjonar. Dette går fram av eit brev som stiftinga sendte til Stord kommune i mars 2010.