”Skigutane AS føler sympati med det kinesiske folket i denne vanskelege situasjonen. Ingen av våre tilsette i Kina, eller tilsette hjå våre leverandørar er direkte råka av jordskjelvet, så vidt me har kunne bringe på det reine. Likevel er mange av våre samarbeidspartnarar indirekte råka ved at slektningar, vener og kjende har omkome i jordskjelvet, og fleire har fått deira heimar øydelagde”, heiter det i ein pressemelding frå selskapet.

Dagleg leiar i Skigutane AS, Øyvind Lauritzen har vedteke å gi 10.000 dollar til hjelpearbeidet i Sichuan provinsen. Det svarar til rundt 50.000 kroner. Han oppmodar også andre norske bedrifter med produksjon i Kina støtte arbeidet.

SKIGUTAR: Skigutane AS søttar hjelpearbeidet i Kina. Her er grunnleggar Hans Engelsen Eide (til h.) og medeigar og dagleg leiar Øyvind Lauritzen.ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH
Bergens Tidende