Os-ordføraren held hovudinnlegget i fylkesårsmøtets "miniseminar" om korleis Framstegspartiet skal gå fram for å vinna valkampen.

Os-ordføraren satsar framleis på eit samarbeid med Høgre. Og han trur at det vert Sosialistisk Venstreparti som vert hovudmotstandaren for Frparene i Os.

SV hovudfienden

— SV er det einaste partiet som har våga å gå i skikkeleg opposisjon mot oss denne perioden.

Difor trur eg slaget vil stå mellom partiet yttarst til høgre og venstre i Os, sa Søviknes.

— Han skrytte av samarbeidet med Høgre. Men han understreka også at i valkampen må Framstegspartiet ha respekt for at Høgre må få markera seg som sjølvstendig parti. I Os er dei usikre på kor stor oppslutning Framstegspartiet har no. Men målet er at partiet skal gjera eit like godt val til hausten som ved førre kommuneval.

Søviknes reknar med at riksmedia kjem til syna store interesse for Os i haust. Og Søviknes er klar til å visa fram kva han har i utstillingsvindauga sitt.

— Jens Stoltenberg har sagt at han skal bruka Os som eit skrekkeksempel på kva Frp-politikk kan føra til.

— Han må berre koma. Eg har mykje bra å visa fram, sa ein sjølvsikker Søviknes. Handa på rattet Også Liv Røssland er klar til å leggja handa på rattet i styringa av Bergen. - Vi skal setja dagsorden for lokalpolitikken i Bergen. Og det er ikkje lenger nok for oss å ha partimakt. Vi vil ha styringsmakt, var bodskapen til Røssland. Ho understreka at Framstegspartiet skal vera eit parti der alle kan kjenna seg heime. Dermed er det ikkje nok berre å vera eit protestparti.

— Framstegspartiet må også vera eit parti som viser ansvar, sa ho.