– Me vil visa museumsparken frå ei ny og stilig side de aldri har sett før, seier Nils Eivind Horneland. Han har hekta tilhengjar på bilen, og frakta materiale til museumsparken. Syrekanner skal målast i musikkfesten sine profilfargar, og gjerde skal setjast opp. På bakken ligg gamle vindauge, som skal fungera som front på det som skal bli ein bar.

Saman med Vidar Hope er han med i det dei kallar kjernen av frivillige som no arrangerer musikkfest på Stord. Det er ein del arbeid som skal til for å skipa til noko slikt, og dei involverte har møtt på eit par utfordringar på vegen.

– Det fins utruleg nok ikkje straumuttak her, så me må truleg bruka straumen frå nokre lyktestolpar. Dessutan hadde me eit problem med at det ikkje fanst noko hol til kloakken, men heldigvis kom Grov Elektro med ei god løysing til oss, fortel Hope, som er nøgd med all hjelpa han har fått frå lokale aktørar på øya.

Billettsalet har karane ikkje heil oversikt over, men dei seier at erfaringsmessig går slikt litt seint på Stord.

– Generelt har responsen frå folk vore svært positiv, fortel dei.

Finveret er bestilt Festivalen har attenårsgrense, og det blir sal av øl og vin. Dessutan kan ein kjøpa seg litt mat.

– Me kjem til å selja varme pølser og nydelege rundstykke, fortel Vidar Hope. Varm drikke på termos kan vera greitt å ha viss det blir ein smule kjølig utpå kvelden, meiner dei to arrangørane.

– For oss er det viktig å få fram at dette ikkje er ein ungdomsfestival. Det er kjempebra viss folk tar med seg tanter og onklar, for me har god erfaring med blanda aldersgrupper, seier dei.

– Planen er at folk skal finna seg ein plass oppi lia her og lytta til musikken, fortel Nils Eivind Horneland. Dei to verkar ikkje særleg bekymra for v�ret i helga.

– Det er meldt nokre dråpar, men folk må berre kle seg. Dessutan har Nils Eivind gode kontaktar, så han har bestilt godver, fortel Hope med eit smil, og kameraten nikkar stadfestande.

Les meir her:

Mystiske Ianband i Parken

Meir liv i parken