Slik meiner Ågot Himle dei fortener å få det, mennene som kjem til Rogn Fjellstove når stova er gjort om til eit senter for kultur og naturopplevingar.

Bydelsdirektøren i Årstad bydel har nemleg overteke fjellstova som ligg inst i Bordalen på Voss ved inngangsporten til fjella mellom Hardanger og Voss.

— Nei, eg har ikkje tenkt å slå meg opp som turistvert på mine gamle dagar, ler Himle når ho tek i mot Bergens Tidende til framsyning, for høvet kledd i stakk medan den fyrste snøen fell ned på tunet.

Kjærleik til Bordalen

— Dette gjer eg av kjærleik til heimebøen min, Bordalen. Eg skal verken driva og eller eiga dette aleine, forklarar ho.

— Men eg ønskjer å skapa arbeidsplassar og utvikling i dalen. Dessutan vil eg gjerne at staden skal gje byfolk, spesielt born og unge, kultur- og naturopplevingar i ope landskap.

Himle har alt gjeve fjellstova namnet Rongastovo og bestemt at det skal dannast eit lutlag som eig stova og står ansvarleg for drifta av verksemda.

200 lutar, kvar med ein pris på 10.000 kroner, skal leggjast ut for sal. Går det slik Himle vonar, vert fyrste generalforsamling i lutlaget alt før jul.

— Det er eit kvinnenettverk som skal eiga og driva Rongastovo. Kvinne på Voss og i Bordalen kan både eiga og driva. Kvinnene i Bergen får skyta inn pengar og koma og kvila ut og samla nye krefter i ledige stunder, fortel Himle medan ho viser BT rundt.

Slik fjellstova står i dag, er det peisestove, matsal, kjøkken med kjøl og fryserom i fyrste høgda. I andre høgda er det ti husvære med overnattingsplass til tilsaman 45 personar.

Det var Anders Rong, mannen til den førre eigaren, Ragnhild Rong, som sette opp bygningen i 1974. Ekteparet dreiv sidan fjellstova saman inntil mannen døydde for nokre år sidan.

— Han både teikna og bygde fjellstova. Til og med møblane har han laga sjølv, fortel den nye eigaren som ønskjer å behalda så mykje av det opphavlege særpreget som mogeleg.

Held på særpreget

Rehabilitering trengst likevel før Rongastovo kan nyopnast. Mellom anna må vindauga skiftast over heile huset. Måling og nytt panel skal leggjast i alle husværa. Og i peisestova må peisen reparerast slik at røyken går rette vegen. Utvendig er det naudsynt med ny måling.

Ågot Himle har alt ordna med byggmeister. Broren, Aslak, står ansvarleg for arbeidet, og lokale handverkarar står klare til å ta eit tak

— Særpreget skal ikkje øydeleggjast, slår Himle fast, medan ho viser fram husvære i andre høgda.

Kvart husvære har dusj og toalett og sofakrok. I felleskjøkkenet har alle husværa eige skap med service og kokekar. Og på sengene ligg sengetøyet og ventar på nye gjester.

Utomhus har ho også investeringsplanar. På tomta er det plass både til tuntre og sitjeplassar.

Sjelepleie

To nye badestampar, sveittestove og langhus står også på investeringsprogrammet. Gjestene skal ikkje berre ha høve til å verta klokare av eit opphald i Rongastovo. Her skal også vera høve til pleie av sjel og sinn.

Bordalen er eit godt utgangspunkt fjellturar, meiner Himle som sjølv er lommekjent i fjellstroka innanfor dalen ho voks opp i.

— Med fjellsko kan ein til dømes gå både til Ålvik, Kvamskogen og Granvin utan å kryssa ein einaste veg, fortel ho entusiastisk.

Farger og stil både innom- og utomhus ber preg av 70-talet. Slik er ei vising i Rongastovo ei vandring rett attende til «Retroland».

Og BT kan ikkje dy seg:

— Skal du laga mimrestad for slitne 68-arar?

— Rett nok har eg vore og kjøpt 60 raudvinsglas på IKEA til stova, men det er ikkje tanken, fortel Himle og nyttar høvet å utdjupa visjonen bak kvinnenettverket Rongastovo.

Leirskule

— Tanken er at Rongastovo skal nyttast som leirskule i skuleåret. Sommarstid og i helgane skal luteigarane ha fyrsterett til å disponera huset. Stova egnar seg også godt til utleige til lag og organisasjonar, seier ho.

Himle tenkjer også å få til eit samarbeid med Vestnorsk Kulturakademi og Tradisjonsmatsenteret på Voss og Rong gard. Ho understrekar at det ikkje er tanken at det skal vera så mange tilsette på Rongastovo.

— Til leirskulen som skal koma i gang alt frå neste skuleår trengst ein leiar for det pedagogiske opplegget. Dessutan må stova ha ein driftsstyrar. Det som elles trengst av arbeidskraft, vonar eg å rekruttera mellom kvinnene som alt bur i Bordalen.

I matvegen skal vi satsa på norsk tradisjonsmat. Hamburgarar og pizza får ein kjøpt nok av andre stader, slår ho fast.

Ekspolitikaren frå Sosialistisk Venstreparti understrekar at ingen vil verta rik av å eiga lut i Rongastovo.

Likevel skal interessa for å ta del vera stor.

— Eg har alt vore i kontakt 50 kvinner som munnleg har sagt frå om at dei ønskjer å vera med.

Dette er eit såkalla non profit-føretak. Får vi overskot, skal det pløyast attende i verksemda.

I almanakken har ho alt kryssa av helga før jonsok som opningshelg for den nye Rongastovo.

— Då skal vi ha Rongastovo blues og stev med vask og dask, slår ho fast.

KULTUR- OG NATUROPPLEVINGAR: Bydelsdirektør og ekspolitikar, Ågot Himle, ønskjer at kvinner i Bergen og Voss saman skal eiga og driva Rongastova i Bordalen. Ho vil gjera fjellstova til eit senter for kultur- og naturopplevingar.<p/>FOTO: ØRJAN DEISZ