LENA VERMEDAL

Ny pir utover Langeneset på Halhjem og to nye ferjekaiar skal stå klar til den nye gassalderen startar i januar 2007. Samstundes skal HSD navigera forbi anleggsområdet med både Stord— og Tysnes-ferja nærmare hundre gonger i døgeret.

— Vi har hatt ein dialog med HSD om å nytta ferjekaiane på Hatvik og Krokeide, men der ville det blitt så store problem med å avvikla trafikken at vi heller satsar på å oppretthalda ferjeleia på Halhjem inntil vi har eit nytt, seier Rune Sandven, prosjektleiar for Gassferjeprosjektet til Statens Vegvesen Region Vest.

— Korleis dette skal løysast, vil entreprenørane måtte koma med gode løysingar på i tilboda sine, legg han til.

HSD redd dykkarar i vatnet

HSD fryktar dei kan få problem i den tronge innseglinga til Halhjem i byggeperioden.

— Navigatørane våre vil måtte ta omsyn til anleggsarbeidarar på land, men kva med tryggleiken til dykkarar i vatnet, spør rederisjef i HSD Sjø, Bent Martini.

Han vågar ikkje heilt å tru på at Statens vegvesen skal klara å skjerma trafikken på Halhjem.

— Det er veldig mange ting som skal skje samtidig. Nye oppstillingsplassar, tilførslevegar og kaiar. Dette pålegg Statens Vegvesen og oss eit stort ansvar for at dei reisande blir minst muleg brydd.

— HSD vil i alle høve kunne tilpassa seg slik at vi kan gå med trafikken frå Hatvik og Krokeide til Jektevik.

250 millionar kroner

— Vil ikkje det krevja ekstra ferjer på grunn av lengre overfartstid?

— Jo, men det er ulike avdelingar i vegvesenet som styrer utbygginga og ferjemateriellet. Det får Statens Vegvesen koordinera, seier Martini.

Arbeidet på Halhjem skal starta opp i oktober. Ny pir og to nye kaiar skal stå ferdig til januar 2007, men ferdigstilling av oppstillingsplass, servicebygg og støyskjerming kjem først på plass når lauvet sprett i mai det året.

Ombygginga av ferjekaiane på Halhjem, Sandvikvåg, Arsvågen og Mortavika er kostnadsrekna til nærmare 250 millionar kroner.

HER SKAL DET BYGGES: Arbeidet på Halhjem skal starta opp i oktober. Ny pir og to nye kaier står ferdig til januar 2007. Oppstillingsplass, servicebygg og støyskjerming kjem først på plass når lauvet sprett i mai det året.