Voss tingrett er ikkje i tvil om at Gjensidige-kunden sin aktivitet med eplepressing i kjellaren førte til skade på Ulvik Plantelab sine delikate plantar. Fleirtalet i retten (to mot ein) meinte likevel at han ikkje handla erstatningspliktig aktlaust.

Sjølv om eikvar husmor i fruktbygda veit at store mengder eple i huset øydelegg potteplantane, meiner retten det ikkje er rimeleg å venta at denne innflyttaren skal vita det etter fire år i Ulvik.

Sjølv om han representerer huseigaren, meiner rettsfleirtalet heller ikkje at han skal ha inngåande kjennskap til ventilasjonsanlegget i huset.

Dermed vart Gjensidige frifunne, men får ikkje erstatta sakskostnadane. Ulvik Plantelabb må ta tapet med at storparten av 1999/2000-avlinga av juleglede, Begonia hiemalis, Karelsk Jomfru, St, Paulia og Stretocarpus måtte kastast. Dessutan må dei betala sine eigne sakskostnader.

Den fatale pressinga av om lag eitt tonn eple vart utført med ein traktormontert, elektrisk driven knusar, og ein vanleg handdreven biljekk. Retten er overtydd om at etylengass frå epla er ført via ventilasjonssystemet og øydelagt plantane.

Tre veker seinare brukte ein annan mann same utstyret til ny saftpressing same stad, trass i klar beskjed frå Ulvik Plantelab. Fleirtalet i retten legg ikkje vekt på dette. Skaden hadde alt skjedd, og ein kan ikkje venta at mannen skulle gje meldig vidare til alle som kunne tenkast å pressa eple i bygda. Mindretalet ser på dette som enda eit døme på den manglande respekt han hadde for leigetakaren sitt delikate og banebrytande arbeid. Han burde ha forstått at framferda kunne føra til skade, meiner mindretalet i tingretten.