Bilistar som passerer Jektevik og Agdestein kan no sjå resultat av bompengane som dei betaler i tillegg til ferjebilletten på sambandet Halhjem — Sandvikvåg. 160 millionar kroner kostar opprustninga av europavegen over Stord.

Uførotunnelen er 620 meter lang og går på innsida av det smale partiet i bratthenget høgt over Langenuen.

I Agdestein-området er det ein parsell på i alt fire kilometer som blir ny E 39. Denne kostar 65 millionar kroner og blir opna for trafikk 1.oktober i år.

GJENNOMSLAG: Med gjennomslaget i fjellet bak berykta Uføro kan bilistane på E 39 over Stord sjå fram til ei solid standardheving på vegen frå 1.oktober i år, lovar vegvesenets prosjektleiar Rolf Harkestad. FOTO: OVE A OLDERKJÆR
OVE A. OLDERKJÆR