Tradisjonen tru vart dei første dropane med dram spilt over røysa av sprengt stein frå dynamittsalva. Men det vanka også røysadram på anleggsfolka.

Pilothol

Heile tunnelen ligg i Granvin herad, og ordførar Jan Ivar Rødland fekk lov til å leika med fyrstikker og lunte før braket kom.

På grunn av kulden vart det ikkje sprengt hol i full profil. Då hadde gjennomtrekken gjort fire varmegrader inne i fjellet om til kuldegrader, og frostproblem for det vidare arbeidet. Stigninga gir oppdrift og skorsteinseffekt. Gjennom opninga kom reine stormen av kaldluft. Ein port skal tetta øvre munning før resten blir sprengt ut.

Åtvarar mot råkøyring

Granvinordføraren takka anleggsfolk og leiing for vel utført arbeid. Her blir det rask veg mellom Granvin og Voss, kanskje litt for rask andre vegen.

— Ein bil kan koma opp i uhyggeleg stor fart i fire kilometer lange, og neste snorrette unnabakken, seier Rødland, og manar til varsemd.

Stigning på 5,07 promille er hårfint over norma for krav om krabbefelt, men Vegdirektoratet har godkjent tunnelen utan.

Opning før neste jul

Veidekke skal sprengja havarinisjer og byggja veg inne i tunnelen fram til sommaren. Då skal det vera tilkomst for dei som skal montera lys og ventilasjon. Tilbodstevlinga er rett om hjørnet.

Går alt etter planen, blir det offisiell opning og snorklipping i adventstida neste år.