— Eg har ikkje vore kjend med at Gjølanger Bruk har synt interesse for prestegardsmarka, seier Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp).

Brevet der Gjølanger Bruk set spørsmålsteikn ved vedtaket om å overdra den store prestegardseigedomen til selskapet Solund Utvikling, blir tema på formannskapsmøtet måndag og truleg også i kommunestyret torsdag.

— Administrasjonen har fått i oppgåve å finne ut kva kontakt som har vore mellom firmaet og kommunen, seier ordføraren.

Ein interessent

Det var like før jul kommunestyret i Solund gjorde eit vedtak som i praksis inneber at 1200 mål kystperle ved Hardbakke blir selt til Even Søfteland og Olav Wangensten i selskapet Solund Utvikling. Dei to skal utvikle eigedomen med bustader, hytter og friluftsområde.

Kommunepolitikarane blei ikkje informerte om at Gjølanger Bruk fleire gonger har vore i kontakt med kommunen og Solund Næringsutvikling om aktuelle utbyggingsområde. I brevet til kommunen skriv Gjølanger Bruk at dei trass aktiv dialog med kommunen ikkje visste at prestegardsmarka var til sals, før dei las i Bergens Tidende at eigedomen skulle seljast utan konkurranse til Solund Utvikling.

Administrasjonssjef Rolf Bjarne Sund ville at politikarane skulle lyse det attraktive området ut på offentleg konkurranse, sekundært rådde han til at kommunen gjekk i direkte forhandlingar med Solund Utvikling.

Opp på ny?

Fleirtalet i kommunestyret valde siste alternativet.

— Eg hadde ikkje grunn til å tru at andre var interesserte, er forklaringa SV-representant Anne Grethe Furrevik har på at ho var med fleirtalet. Furrevik meiner brevet frå Gjølanger Bruk endrar grunnlaget for saka:

— Problemstilling blir ei heilt anna når vi veit at det var fleire.

Men verken SV-aren eller ordføraren vil svare på om dei meiner saka bør opp att.

— No får vi først avvente konklusjonen av gjennomgangen, og sjå om det har vore gjort feil i sakshandsaminga. Men med det eg veit i dag, ser eg ikkje at det er grunnlag for ny handsaming, seier Åmdal Mongstad.

Habilitet

Gjølanger Bruk stiller også spørsmålsteikn ved habiliteten til aktørane. Dei peikar på at Even Søfteland i Solund Utvikling var hyra inn som rådgjevar då Tom Erling Bahus blei tilsett som dagleg leiar i Solund Næringsutvikling. Som diskusjonspartnar og bindeledd mellom kommunen og næringslivet, var næringsutviklingsselskapet med på å leggje premissane for salet av den mest attraktive eigedomen øykommunen har å by på.

— Eg har ikkje noko problem med at spørsmålet blir stilt. Når det kjem opp, synest eg det er greitt at det blir offentleg kjent og debattert, seier ordføraren. Ho seier det er feil at Søfteland var hyra inn av kommunen. Det var næringsutviklingsselskapet, der kommunen eig 45 prosent, som brukte Søfteland som ekstern rådgjevar.