Ole Berge Drægni ved Turtagrø Hotell er blant dei som kan tenka seg å trekka grensene for nasjonalparkar og landskapsvernområde heilt ned til bilvegen, og gjerne eit lite stykke nedom.

Dermed kan det setjast opp skilt som fortel at du no køyrer inn i nasjonalparken.

— Folk flest køyrer rett forbi nasjonalparkar og landskapsvernområde i bil, utan å merka det, sa Ole Berge Drægni under seminaret om kvalitetsturisme i Fjærland nyleg.

For restriktivt

Fleire av seminardeltakarane var svært opptekne av merking av verneområda og turistverksemdene for vegfarande. Reiselivet meiner at Vegstellet er altfor restriktivt.

Direktør Jan Tompson i Den Norske Turistforening åtvara mot å kutta opp indrefileten til lapskaus, som han uttrykte seg, heller baka han inn, og eksperimentera i bakverket rundt. Han meinte at dagens forbod mot motorisert ferdsel må takast vare på.

Full «amerikanisering» med fleire felts motorveg gjennom ein nasjonalpark, vart heller ikkje tilrådd av reiselivsnæringa elles. Men dei meinte at reglane bør mjukast opp, slik at innretningar som ein bilveg kan koma innanfor yttergrensene. Vernereglane må tilpassast slik at vegen kan utvidast og moderniserast i pakt med tida.

Brot med norsk tradisjon

Miljøvernminister Børge Brende meiner at ein skal tre inn i ein nasjonalpark «med hornmusikk i brystet». Det blir eit solid brot med norsk tradisjon om dette skal skje rullande på fire hjul, påpeikar han. Men statsråden avviser ikkje ein debatt, dersom seminardeltakarane i Fjærland vil føra saka vidare.

Nærøyfjorden Landskapsvernområde, som Børge Brende offisielt opna onsdag, femner om 30 kvadratkilometer sjø. Tusenvis av passasjerar på turistskip, mindre båtar og ferjer vil sigla gjennom området. Men det blir neppe sett opp skilt på flytebøyar med store nok bokstavar til å kunne lesast frå skipa, der dei kryssar vernegrensa. E16 går også gjennom området, men berre ca. 900 meter mellom Gudvangatunnellen og Flengjatunnelen er ute i friluft. Køyring gjennom tunnelane gir neppe hornmusikk-kjensle.

DEN SMALE STI: Miljøvernminister Børge Brende forserar ei berghylle på stigen i den stupbratte fjellsida til garden Stigen i nyopna Nærøyfjorden Landskapsvernområde. Fylkesbyråkratane Terje Aasen (Hordaland) og Knut Henning Grebstad (Sogn og Fjordane) er avventande.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH