På eit informasjonsmøte ved felgfabrikken opplyste administrerande direktør Arvid Ullebø no i ettermiddag at bankane har garantert for drifta fram til klokka 14 i morgon.

Frist klokken 12

— Sterke krefter er i sving for å finne ei løysing, og vi håpar at det skal gå i orden, seier Ullebø.

Eigarane, i hovudsak familien Al Zayani i Bahrain, hadde frist på seg til klokka 12 i dag med å stille opp med meir pengar for å redde hjørnesteinverksemda. Det skjedde ikkje, og dermed ba styret om offentlige gjeldsforhandlniger. Det er foreløpig ikke klart når saken eventuelt vil komme opp for skifteretten.

Største arbeidsplass

Rundt 380 personar er tilsett ved Fundo som er største industriarbeidsplassen i Høyanger kommune.

Problema ved felgfabrikken kan få enorme konsekvensar for Høyanger-samfunnet, dersom det ikkje lukkast å vidareføre produksjonen. For i tillegg til dei mange tilsette ved produksjonen, og også ei rekkje mindre bedrifter i kommunen svært avhengige av hjørnesteinverksemda.

Ei rekkje lokale firma har store summar uteståande.

Fundo har ei gjeld på godt over 200 millionar kroner. Mellom anna skuldar felgprodusenten 60 millionar til Hydro Aluminium for metall dei har fått levert frå aluminiumverket i Høyanger.

MOT KONKURS: Det går mot konkurs for bilfelgfabrikken Fundo i Høyanger. Hamid Rashid Al Zayani har vært talsmann for familien som eier selskapet.
Arkivfoto: BT