— Eg kan ikkje tenkje på kva som kunne ha skjedd no, seier trebarnsfaren frå Skulestadmo på Voss.

— Gjort er gjort.

I tiår har slekta til Almeland sytt for at den 30 kilometer lange løypa til Ørnarennet, Vestlandets eldste skirenn, gjekk der ho skulle. Berre snømangel og uvër har fått stoppa arrangørane. I går skulle løypa klargjerast. Første etappe gjekk over Opheimsvatnet og tre blad Almeland gjorde seg klar. Far og onkel køyrde først scooter over vatnet og bora hol for å sjekka at isen var tjukk nok. Hola viste 10 centimeter stålis, 10 centimeter vatn og så tjukk is att. Utan uro sette Steinar seg inn i trakkemaskina og køyrde etter i spora.

Det var då det skjedde. Vel seksti meter frå land mista maskina brått fart. Då Steinar kikka i spegelen såg han vatn på beltet. I augneblinken etter var han på veg ned. Han greip etter dørhandtaket for å koma seg ut.

— Det var for seint. Vatnet hadde alt kome opp på glaset. Heile bakenden hadde gått ned. Eg var innelukka i førarhytta.

Frontruta knuste

Like etter knuste bakruta og isvatnet velta inn. Kva som skjedde sidan har ikkje Steinar Almeland heilt klart for seg.

— Om det var eller trykket som gjorde det veit eg ikkje, men frontruta gjekk óg.

Steinar kom seg ut or maskina, kikka opp etter hol. Tok eit par symjetak og kom seg opp frå råka ved eiga hjelp.

— Det var heilt stille. Far og onkel hadde sett det. Vi såg på kvarandre med vantru.

— Kva sa dei?

— Eg høyrde berre far sin kommentar. Han fekk spørsmål om kva han tenkte. «Han var då komen opp att», sa han. Onkel veit eg ikkje kva tenkte. Eg har ikkje snakka med han.

— Og du då?

— Eg var roleg heile tida, seier han, som hevdar kona vart meir skjelven då han kom heim tidlegare enn ho hadde venta han.

Tenkjer på borna

— Er du ein hardhaus til vanleg?

— Eg har ikkje opplevd så mange ulukker før, men eg har til dømes opplevd å svima av ved synet av blod, seier Steinar, som fekk berga både capsen og ryggsekken frå djupna då dei flaut opp. Heile gårsdagen gjekk med til å planlegga heving av maskina frå åtte meters djup. Almelandane er fast bestemte på å få trakkemaskina i stand att. Motoren var nyleg overhalt. Men neste helg blir det neppe noko renn.

— Torer du å setja deg inn i trakkemaskina att over isen?

— Ja, det skal eg no. Ein kan ikkje tenkja slik. Eg jobbar i Nordsjøen. Helikopteret kan detta ned. Det er farleg å køyra bil til Bergen, seier førtiåringen som nyleg feira førtiårsdagen med familien.

— Då eg hadde skifta til regntøyet bak i bilen og køyrde nedover mot bygda tenkte eg på borna. Og på om niåringen hadde blitt med. Det er klart det.

<b>LAURDAGSKOS:</b> Gjort er gjort, seier Steinar Almeland, som ikkje har fått den store skjelven enno.
Arne Hofseth
<b>RÅKA:</b> Her gjekk Steinar Almeland gjennom isen på Opheimsvatnet. Det første han gjorde då han kom opp att, var å byrja å planleggja heving av trakkemaskina. – Ho skal i bruk att, meiner han. FOTO: TV 2