— Får eg eit par dagar på meg no så er eg i fin form att, seier den litt slitne 32-åringen frå Indre Arna.

Fredag kom han heim etter å ha gått på ski, på beina og på rulleski i 102 dagar i strekk. 2585 kilometer har han lagt bak seg. Kroppen treng litt kvile.

— Beina fekk køyrt seg på rulleski det siste strekket frå Alta til Nordkapp, og det blei litt lite søvn dei siste nettene, seier friskusen som starta til fots frå Lindesnes 9. april.

Først tre dagar på rulleski, så var det beina fatt på ski gjennom Setesdalsheiane, Ryfylkeheiane og Sirdalsheiane til Haukelisæter.

— Dette var tyngste biten, men eg angra ikkje, tenkte berre at det blir ein lang tur, seier han lakonisk.

Måtte snu på Gjende

På det meste gjorde han unna 40 kilometer om dagen.

— Men på Gjende fekk eg eit problem. Det var så mykje overvatn at eg måtte snu halvvegs. Det tok to dagar ekstra.

Frå Otta gjekk han ein dag på asfalt til Mysusæter i Rondane. Vandraren forsikrar at han ikkje fall for freistinga til å ta bussen.

— Eg har gått kvar meter!

I Folldal var det slutt på snøen. Broren kom dit for å henta ski og levera sommarutstyr. Turen gjekk vidare til fots gjennom Sylane til Lierne.

— Det var ingen bjørn å sjå der i bamseland, men eg møtte jerv i Nord-Sverige. Han var sikkert ikkje meir enn femti meter unna, men stakk så snart han fekk ferten av meg. Å vera så nær jerven var kanskje det største som skjedde på heile turen, seier Erik.

Frå Rørvik i Nord Trøndelag gjekk han inn i Børgefjell nasjonalpark. Ein same forsynte han med tørka reinkjøt. I Hattfjelldal møtte han ein gammal nabo.

— Der blei det overnatting på hotell, oppfeiting på restauranten og opningskampen i VM.

Fekk besøk av kamerat

— I Rostadalen fekk eg besøk av ein kamerat, då roa eg ned tempoet, det blei mindre gåing og fleire lange kveldar ved bålet.

Det vil ta ei stund før Erik Skjoldal let seg invitera på tørrmat. Han er i grunnen forsynt for ei stund med kylling i karri, storfegryte og pasta. Og sjokolade. Han hadde sjokolade til lunsj i 102 dagar.

På halvannan månad møtte han ikkje eit einaste menneske i fjellet. Når han var innom sivilisasjonen for å fylla opp matposen, møtte han mange som ville vita kva ærend han var ute i. Ein gong tok han imot tilbod om dusj og overnatting.

Mora var litt bekymra for han før han drog, men ho roa seg då han kom i gang. Ho visste at det plar gå bra når sonen er ute og går.

Sunde, Helge