På Husnes var det aluminiumverket Søral og Kvinnherad kommune som fekk presentert sin dystre situasjon for den ferske næringsministeren, på Stord var ein tiltakande ordretørke i oljeservicebransjen som stod på agendaen.

— Det er trass alt lysare utsikter i offshorebransjen enn i aluminiumindustrien. Vi får håpa at det ikkje blir ytterlegare utsetjingar for oljeselskapa sine planlagte prosjekt, slik at det blir god tilgang på oppdrag, seier Giske.

- Tru på framtida

— Når det gjeld aluminium, lovar eg å ta med meg problemstillingar vidare omkring kraft og CO2-avgifter for å få lagt rammevilkåra best mulig til rette. Eg har god tru på ei framtid for norsk aluminiumsindustri, seier Trond Giske.

Statsråden gjennomførte to bedriftsbesøk på tre ettermiddagstimar torsdag. Det blei tid til ei rask omvisning på Gjøa-dekket på Aker Stord, medan Giske grunna tidspress måtte droppa ein rundtur i produksjonsanlegget til Sør-Norge Aluminium på Husnes.

Der står den eine elektrolyseomnen med kalde omnar, og nesten samtlege 380 Søral-tilsette har sidan april i år delteke i permitteringar på rotasjon.

Trond Giske møtte representantar for fagforeiningar og leiing ved Aker Stord og Søral, i tillegg til lokale Ap-politikarar og kommuneleiarar.

Er det liv laga for tungindustri på Vestlandet? Sei meininga di!

ORIENTERT: Næringsminister Trond Giske blei i dag orientert om den alvorlege situasjonen ved Sør-Norge Aluminium på Husnes, der Per Øyvind Sævartveit til v. er administrerande direktør. FOTO: Ove Olderkjær