Traileren ryggar seg sakte inn mot eit grantre kledd i lekker julesnø. For tredje gong på to dagar er Fretex på Torgalmenningen for å hente nye posar og pakkar som folk har lagt under treet.

— Mengdene er enorme, seier sjåfør Geir Vikøren og opnar bakdøra.

Helgefangsten fyller heile lasterommet. I løpet av to dagar har bergensarane lagt eit tonn under julegrana.

— Folk gir tøy, leiker, julepynt - alt mogleg! Det er veldig fine ting, seier Marianne Naustdal, dagleg leiar ved Slumstasjonen i Bergen.

Ein halv million i gryta

Alt blir sendt til Fretex-anlegget på Midttun for utpakking og sortering i januar. Pakkane blir delte ut først neste jul, med helsing frå Frelsesarmeen.

Også julegrytene i Bergen sentrum, på IKEA og Lagunen, blir flittig besøkt. Hittil i desember har Frelsesarmeen fått inn ein halv million kroner.

— Bergensarane er veldig glade i å gi. Vi håpar å runde 600.000 kroner i julegrytene i år, seier Naustdal.

For 200 familiar i Bergen kjem jula i ein plastpose frå Frelsesarmeen. Oppi ligg julemat, dessertar og pålegg, Twist og nøtter.

— Det er flest barnefamiliar og aleineforeldre som kjem til oss. Vi gir dei mat, ein klapp på skuldra og ein klem.

Gledestårer

«Tårene mine rant av glede. Det føles som om Gud så mine bønner. Jeg takker Ham med gledestårer».

Takkebrevet er skrive av ei einsleg mor i Bergen. I fjor jul fekk Kirkens Bymisjon støtte frå Gjensidige-fondet, og kunne dele ut over 160 gåvekort på mat og leiker til vanskelegstilte familiar.

— Det kom godt med før jul, og mange har ringt og spurt om vi kan hjelpe dei i år, også. Det kan vi diverre ikkje, seier Gunn Skinlo, som er Home Start-koordinator i bymisjonen.

Frivillige frå dette prosjektet er kvart år på heimebesøk hos 60-70 familiar i bergensområdet.

— Mange norske familiar strevar, og langt fleire kunne trengt vår støtte akkurat no, seier Skinlo.

— Inntrykket mitt er likevel at den største fattigdomen er blant våre nye landsmenn. Mange har det langt stusslegare heime enn folk trur.

Den største gleda

Alle barn har forventningar til jul. For foreldre som ikkje klarar å gje ungane det andre barn får, kan jula bli tøff.

— Dei kan ikkje gje barna sine det dei ønskjer seg til jul, men må prioritere mat og klede, fortel Skinlo.

— Det er sårt og tungt å vere dei foreldra som ikkje strekkjer til. Alle burde få det dei treng i jula, og vi skulle ønskje vi kunne gi dei meir.

Det Kirkens Bymisjon kan gi i år, er ullklede og gratis julemiddag i Korskirken til alle som vil. Alle møteplassane til bymisjonen er dessutan opne i romjula.

På Torgalmenningen har Fretex-sjåføren lempa den siste posen inn i lasterommet. Han startar bilen.

I ei av juletregreinene har nokon hengt opp eit raudt plasthjarte og skrive med sirleg skrift: «Den største gleden du kan ha er å gjøre andre glad».

Har du tips til hvordan vi kan gjøre julen bedre for de vanskeligstilte? Diskuter saken her.