EYSTEIN RØSSUM

eystein.rossum@bt.no

— I etterpåklokskapen lys: Det hadde vore svært hyggeleg om vi hadde hatt kjennskap til at det var så grunt som det var. For då hadde vi ikkje fått denne ulykka, sa kystdirektør Øyvind Stene på ein pressekonferanse i Ålesund i dag.

Han la der fram Kystverkets eigen rapport om ulykka, som dei har arbeidd med i fleire månader.

Hovudkonklusjonane er:

  • Losen kan ikkje lastast. På eitt punkt følgde han ikkje boka: Han gjekk ikkje igjennom seglasen med kapteinen før avgang Eikefet, men dette hadde ingenting med ulykka å gjere. Elles følgde han alle instruksar for losing.
  • Vatlestraumen var merka i tråd med den kunnskapen Kystverket hadde om farvatnet. Dei var ikkje klar over at Sjøkartverket i 1995 hadde funne ein grunne på vel 9 meters djup, 55 meter ut for Revskolten lykt.
  • Oljevernaksjonen, som var den største til dags dato her til lands, fungerte som han skulle.
  • Kystverket tek ikkje stilling til om dei som etat kan klandrast for ulykka, fordi ho fortsatt er under politietterforsking, og fordi eigarane av Rocknes har varsla søksmål mot Staten.

- Ville selga anleis

Grunna der Rocknes gjekk på, var markert på eit nytt sjøkart som vart gitt ut av Sjøkartverket i 2003, og også tatt inn på dei autoriserte elektroniske sjøkarta.

Men funnet vart ikkje varsla særskilt gjennom Etteretning for sjøfarende, som blir sendt ut til alle losar. Rocknes-losen hadde heller ikkje fått det nye kartet frå arbeidsgjevaren sin, Kystverket. Heller ikkje sentralt i Kystverket hadde dei fått med seg at grunna låg der.

— Dersom Kystverket hadde visst at det var 9,4 meters djup der Rocknes gjekk på grunn, ville losen segla annleis, sa kystdirektør Stene i går.

Like etter ulykka, då grunna vart offentleg kjent, sette Kystverket ut først ein stake og seinare ein lysbøye over grunna.

— Kunnskapen var ikkje tilgjengeleg for los eller kaptein. Ut frå den gamle informasjonen kunne dei gå betydeleg nærare Revskolten lykt, sa distriktssjef og tidlegare losinspektør John Evensen.

Det er nå tatt initiativ til betre samordning og utveksling av informasjonen mellom Sjøkartverket og Kystverket.

Eigarane har gått til retten

Synspunkta frå leiinga i Kystverket gir ny ammunisjon til Rocknes-eigarane og forsikringsselskapa. Dei har allereie tatt ut søksmål mot Staten, fordi dei ikkje vil betale for oljevernaksjonen etter ulykka.

Aksjonen kosta 108,5 millionar kroner, ifølgje Kystverket. Forsikringsselskapet Gard meiner Staten aleine må ta ansvaret for at Rocknes gjekk på grunn, og dermed også ta rekninga. Forsikringsselskapet Norwegian Hull Club vurderer om dei også skal gå til retten og krevje at Staten skal betale erstatninga til dei etterlatne og overlevande, og for gjenoppbygginga av Rocknes. Denne rekninga er på ca. 500 millionar kroner.

SLEPET: "Rocknes.
LEIF GULLSTEIN