Dei nesten 300 medarbeidarane ved Boliden Odda ønskjer seg ingen julepresang frå bedrifta i år. Dei vil heller at gåva kjem tyfonoffer på Filippinane til gode.

— Kjempeoverraskande og heilt fantastisk, seier Morten Miljeteig, leiar i Odda Røde Kors. Lokalforeininga får 90.000 kroner frå industribedrifta på Eitrheimsneset, ein sum som uavkorta går vidare til Røde Kors på Filippinane og hjelpearbeidet til dei som er ramma av tyfonen som raserte store område i landet sist veke.

Fem fagforeiningar

— Det prisverdiige initiativet kom frå dei fem fagforeiningane på det siste møtet i bedriftsutvalet, fortel Bjørn Vivelid, informasjonsansvarleg ved Boliden Odda.

— Eg har ikkje gjort nokon framstøyt, så dette kom som ei overrasking, seier Røde Kors-leiar Miljeteig, som sjølv arbeider ved sinkverket og er medlem av Kjemisk fagforeining.

— Solidaritetstanken i Odda er ikkje død, seier han.

Dør til dør

I morgon fredag skal Odda Røde Kors gjennomføra ein dør-til-dør-aksjon i industribyen for å samla inn endå meir pengar til Filippinane. Alle tilsette ved Boliden Odda er oppfordra til å delta.

— Dermed håpar vi på å kunna senda godt over hundre tusen kroner til Røde Kors sitt hjelpearbeid på Filippinane, seier Morten Miljeteig.