— Det var med sjokk eg registrerte kva som skjedde onsdag. Det rammar alle oss som er involvert i prosjekt i området. Men det er bra at ein no kjem inn til rota og finn ut kven som har reint mjøl i posen, seier Christin Kalve.

Christin Kalve (37) som har bygt opp Sport-Treff på Stord til eit stort trim- og spa-senter, frontar Arituba Spa Senter i Brasil. Anlegget som opnar i november ligg i eit stort leilighetskompleks sør i Natal-området der ti personar onsdag blei pågripne mistenkte for å delta i ei norsk-brasiliansk pengekvitvasking.

- Alle er positive

— Etter det som skjedde har eg kontakta dei involverte i vårt prosjekt. Alt skal vera på stell, og alle er positive til at alt blir sjekka. Vi er alle interesserte i å ha eit reint rulleblad, seier Christin Kalve, som også formidlar sal av leiligheter i Arituba der spa- og sportsanlegget skal liggja.

— Første gongen er var der borte, høyrte eg rykte om tvilsame miljø i Ponta Negra, ein halvtimes køyring frå Arituba. Du merkar med ein gong stader du bør halda deg unna.

— Eg forheld meg til Ferie Brazil, og har fått tilbod om å driva spa-anlegget i Arituba, seier Kalve.

Ferie Brazil er linka til Natal Invest, der gründerane er i Økokrims søkelys i kvitvasking-saka.

— Vi stiller oss positive til politiets aksjon, seier dagleg leiar Morten Skarra i Natal Invest til Dagens Næringsliv etter politirassiaen mot selskapet i Oslo.

Ordførarkandidaten roleg

Arbeidarpartiets ordførarkandidat i Stord, Aud Berit Alsaker Haynes (51) er blant mange norske som har investert i ferieleilighet i Natal-distriktet i Brasil. Ho føler seg trygg på at eigedommen ikkje er del av ein økonomikriminell aktivitet.

— Vi har kjøpt av Terra Aktiv i Trondheim. Etter at Dagens Næringsliv skreiv om i fjor, tok eg kontakt med seljar og fekk stadfesta at alt var i orden med vår investering, seier Alsaker Haynes til Bergens Tidende.

SPA-PROSJEKT: Christin Kalve frontar eit nytt spa-anlegg og formidlar sal av feriehusvære i Brasil, men fryktar ikkje at Økokrims interesse for området stoppar aktiviteten. ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ