• Som ordførar i Modalen reagerer eg sterkt på at fylkesmannen teiknar kartet over nye storkommunar før vi på grasrotplanet får drøfta dette.

Ordførar Knut Moe (H) er mild i røysta, men skarp i kritikken mot fylkesmann Svein Alsaker som i Bergens Tidende torsdag lufta tankane sine om korleis dei nye kommunegrensene bør vera. Alsaker ser m.a. for seg at Modalen og Vaksdal blir slått saman.

Også ordførar Albrigt Sangolt (H) i Sund reagerer sterkt på Alsakers utspel, og meiner at vi er på veg mot ein sovjetisk måte å styra landet på, der meir og meir vert bestemt av sentrale styresmakter.

Alsaker går m.a. inn for at Sund blir slått saman med Fjell og Øygarden til ein storkommune.

Lykkeleg som liten

— Eg er overraska, og dette var eit dårleg tidspunkt til å lansera slike forslag. Dette vitnar om overstyring, noko som i dette tilfellet er øydeleggjande seier Knut Moe.

Modalen-ordføraren meiner bestemt at det er ingen grunn til å rokka ved dei grensene Modalen i dag har. Kommunen har greidd seg godt - og greier seg bra. Sjølv om den er liten, opplever ein folkevekst og tilflytting. Om lag 375 menneske er innbyggjartalet i den minste kommunen i Hordaland. Ordføraren kjenner seg heller ikkje att i påstanden om at det er så vanskeleg å skaffa fagfolk til nøkkelstillingar i småkommunane.

— Nettopp fordi vi har så høg kvalitet på dei kommunale tenestene er vi svært skeptiske til å bli del av ein ny storkommune, seier Moe.

- Tvilsam høgttenking

— Er det noko galt i at ein fylkesmann gir seg til å tenkja høgt, samstundes som han understrekar at dette er hans personlege meining?

— Ja, i denne samanhengen meiner eg det, for «høgttenkinga» bør på dette stadiet skje omkring i kommunane. Fylkesmannen er jo med i ei prosjektgruppe som har invitert kommunane med i ein brei demokratisk prosess, og då er det galt at han ser ut til å ha bunde seg opp til ei bestemt løysing alt no.

— Som høgrepolitikar skulle du i prinsippet sjå positivt på å få større og meir «rasjonelle» kommunar?

— Kommunestrukturen er nok open for revisjon i ein del tilfelle. Men eg har meir tru på interkommunalt samarbeid i vidare skala enn i dag framfor samanslåingar, og eg kan nemna at vi i Modalen samarbeider om kommunale tenester med så vel Vaksdal som med kommunane i Nordhordland. Sjølv er eg leiar av regionrådet for Vaksdal, Osterøy og Modalen, seier Knut Moe.

Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter (Frp), som er frå Lindås, seier at han stiller seg positiv til utspelet frå Svein Alsaker om å slå saman Nordhordlands-kommunane.

— Men først må vi ha alle fakta på bordet, slik at ikkje innbyggjarane berre festar seg ved det negative i samanslåinga. Denne utgreiinga bør skje raskt. Men til slutt bør det haldast folkerøysting, seier han.

INGEN GEVINST: Ordførar Knut Moe meiner at Modalen har lite og ingenting å tena på å gå inn ein storkommune.<p/>FOTO: ARNE NILSEN