Det kjem fram i ei masteroppgåve i helsevitskap ved NTNU. I studien såg Reidun Beate Tystad på kva dagtilbod på gard tyder for livskvaliteten til personar med demens. I fjor intervjua ho åtte brukarar ved to ulike gardar i Norge. Dei aller fleste hadde svært gode erfaringar med bondelivet.

– Det brukarane framheva mest var det sosiale samværet, verdien av avveksling i forhold til kvardagslivet, og det å ha noko meiningsfullt å gjere, seier Tystad.

Studien konkluderer med at eit slikt tilbod kan føre til at brukaren kan bu heime lenger, og dermed utsetje institusjonsinnlegging.

– Brukaren får utnytte ressursane sine og blir stimulert både fysisk og psykisk, i staden for å sitje i ro heime. I tillegg får dei pårørande verdifull avlastning, seier Tystad.

Ho meiner grøn omsorg også er eit nyttig tiltak i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.

– Ein fast plass på sjukeheim er sju gongar så dyr som ein plass ved eit slikt dagtilbod. Slik sett er det mykje pengar å spare for kommunane.

Til trass for at opplevinga av livskvalitet er svært individuell, konkluderer studien med at gardstilbodet medverka til oppleving av livskvalitet i augneblinken. Brukarane fortalde om kjensle av normalitet og meistring medan dei var på garden.