Veljarane i Førde har talt: Ap 15,8 prosent, tilbake med solide 11,1 prosent. SV 20,6 prosent, fram 10,5 prosentpoeng.

Alt tidleg på kvelden viste oppteljinga av førehandsrøystene tendensen: Ein tilbakegang på over ti prosent i høve 1999-valet, og partiet var mindre enn både Høgre og SV. Det endelege resultatet vart under 16 prosent, tilbake over 11 prosent. Vips var Arbeidarpartiet mindre enn både Høgre og SV. Også på fylkesplan går partiet tilbake.

Kjell Opseths tidlegare partifelle, Johs B. Thue, meiner Opseth er syndebukken og at effekten ikkje bør overraske nokon.

— Kjell Opseth er nøkkelen for å forstå Ap-tilbakegangen, seier Thue.

Gjekk over grenser

På papiret er Kjell Opseth for lengst ute av politikken, og den omstridde eksstatsråden livnærer seg i dag som konsulent og lobbyist for betalande klientar.

Men Opseth har som ekspolitikar blitt knytt til ei rekke kontroversielle saker, med Seim-saka og den betente striden rundt utbygginga av Elvegata i heimbyen Førde som dei mest aktuelle.

— Opseth har i alle år vore ein veljar-magnet i heimdistriktet sitt. Men no har han gått over så mange grenser at Opseth-namnet har fått stikk motsett effekt for Arbeidarpartiet, seier Johs. B. Thue, tidlegare fylkesleiar og landsstyremedlem i partiet.

— For sjølv om Opseth formelt er ute av politikken, knyter folk han framleis sterkt til Arbeidarpartiet. Og som veljarar er dei blitt fråstøytt av den aktiviteten Opseth har drive, seier Thue til Bergens Tidende.

Aktiv i heimkommunen

Thue, som har bakgrunn både som partimann, historikar og skribent, meiner det er grunnfjellet i Arbeidarpartiet som no er skaka. Den negative effekten er sterkast for dei trufaste Ap-veteranane.

— I Arbeidarpartiet har det vore tradisjon for at gamle partiveteranar har kome på valmøta for å gje støtte og råd til dei yngre. No ser partifolka at Opseth krev betaling for å gje råd. Eg har snakka med mange eldre Ap-veljarar, og reaksjonane er heilt klare: Dei støtta Opseth og hjelpte han i posisjon på vegen mot toppen, men no skal han ikkje gje noko tilbake. Dette er svært vanskeleg å akseptere for dei erfarne partifolka, seier Thue.

— Spesielt i heimkommunen Førde har Opseth vore aktiv som påverkar og konsulent.

At Opseth har representert utbyggarinteresser i Førde som fekk ein heil folkeaksjon og 5800 underskrifter mot seg, har ikkje gått upåakta hen. Heller ikkje var den politiske fingerspitzgefühlen spesielt imponerande hjå Førde Ap sin nye ordførarkandidat. Han utbasunerte i offentleg sinne at dei same underskriftslistene var for søppel å rekne.

- Går til SV

Men også i Indre Sogn og Florø er partiet i hardt vær, spesielt når folk ser at Helse Førde vengeklipper sjukehusa i Lærdal og Florø. Og nestleiar i styret for helseføretaket heiter Kjell Opseth.

Alt dette meiner Thue ligg bak mykje av miseren partiet no ser på Opseths heimebane. Berre i Lærdal blir partiet redda av den gamle partihovdingen Knut O. Aarethun som toppkandidat.

Mange hugsar enno reaksjonane på at Opseth tar ut solide årsutbytte på sine erfaringar og kontaktar han opparbeidde som Ap-politikar. Inntektene frå Opseths enkeltmannsføretak kjem på toppen av ein statsrådspensjon på meir enn 450.000 kroner i året.

Opplysningane om Opseths verksemd fekk leiaren i Jostedal Arbeidarlag til å uttale at Opseth mangla gangsyn og at han burde skamme seg. Opseth-effekten har nådd Arbeidarpartiet.

— Eg trur at svært mange potensielle Ap-veljarar har fått nok, og at dei har gått til SV i staden, seier Johs B. Thue.

INGEN VELJAR-MAGNET: Aps toppkandidat i Førde, Sveinung Nordtveit (til høgre), deltok i teljekorpset i Førde i går kveld. Han skulle ta over etter Aud Viken, som har vore Ap-ordførar i kommunen i 16 strake år. Men Nordtveit har ikkje hatt noko heldig hand med sin første valkamp, og kan truleg sjå langt etter taburetten.