— No har HSD staka ut kursen. For å lukkast må selskapet følgja den og ha lojalitet blant dei seglande, seier sjøfartsdirektøren til Bergens Tidende etter møtet i Oslo i går der HSD-leiinga la fram sin finpussa bedriftsfilosofi for både Sjøfartsdirektoratet og Vegdirektoratet.

— Hos oss var det eit møte i positiv ånd. Vi ønskte å få vita om den siste hendinga og om kva konsernleiinga har tenkt å gjera, og om selskapets internkontrollsystem. Eg håpar inderleg at HSD no lukkast med det som er sett i verk, og som starta alt etter «Sleipner»-ulukka. Ingen er tente med eit negativt fokus som selskapet har hatt i det siste, seier Rune Teisrud, som var medlem av Sleipner-kommisjonen som granska snøggbåtulukka i 1999 før han blei sjøfartsdirektør.

Nye kontrollar

Teisrud er nøgd med at HSD blant anna har vedteke å gjennomføra utvida kontrollar med sikte på å avdekka eventuelt rusmisbruk.

— Og det handlar ikkje berre om alkohol, men også pillar og narkotika, seier Rune Teisrud.

— Det er også planar om å rederikonferansar med kapteinar og øvrig mannskap om bord. Det dreier seg mellom anna også om prosedyrar ved tilsetjing og om opplæringsprogram for nytilsette. Selskapet har lagt dette veldig bra opp, og har med sin nulltoleranse eit strengare regelverk enn lova tilseier. Den pedagogiske utfordringa er å få dette ut til dei som seglar, å få implementert regelverket og få «snudd» folk. Å få setja inn nye haldningar er vanskelegare enn å skifta teknisk utstyr, seier sjøfartsdirektøren.