Då Løkken og Byrkjeland skulle søke SND (Statens Nærings om Distriktutviklingsfond) om tilskot, skreiv dei heile søknaden sjølv.

Så sette dei i gang med Nøring as, ein matprodusent som spenner frå ramsløkpure til lefser. No sysselset dei tre og eit halvt årsverk i det vesle firmaet i det gamle fruktlageret i Øystese.

Løkken og Byrkjeland blir litt paff over spørsmål om kva kommunen har gjort for dei. Enda meier paff når dei får vite om avtalen Landsverk har inngått. Litt kommunal respons hadde ikkje vore av vegen.

— Ein skikkeleg velkomst i byrjinga kunne eg nok ynskt, seier Byrkjeland.

Tok telefonen

Kjell Halvor Landsverk driv Aker Kapital i Oslo, eit firma som i slutten av juni vende seg til alle kommunar i Noreg for å høyre kva dei kunne bidra med til etablering av eit telefonsal-selskap i kommunen.

Ein månad etter fekk Kvam tilslaget og godkjende avtalen i formannskapet. 15 nye arbeidsplassar i løpet av september. Aker Salg Kvam, som selskapet heiter, skal selje inkassoavtaler for Intrium Justitia. Kommunen kjøper kontorutstyret som trengst, ein kostnad på 750.000 kroner, eller 50.000 per arbeidsplass.

Litt rå

— Dei er litt rå, desse firma. Dei går ut til alle landets kommunar og høyrer kvar dei får det beste tilbodet, seier næringsutviklar Jan Tjosaas.

Men at dette er utpressing av næringssvake kommunar vil Tjosaas ikkje høyre snakk om. Men ein grundig diskusjon av retningslinene kunne han godt tenkt seg. Å gi 50.000 til kvar einaste arbeidsplass som blir etablert i Kvam er ikkje aktuelt:

— Det har vi ikkje råd til.

Landsverk er godt nøgd med avtalen, og rosar Kvam for rask sakshandsaming. Responsen på forespørselen han sende ut, var uventa god. Kvam peika seg ut som det beste alternativet.

— Dei har køyrd ei ryddig og bra linje, seier Landsverk.

Men kva om ingen kommunar hadde stilt opp? Kvar ville arbeidsplassane hamna då?

— Då ville vi vald Oslo, seier Landsverk.

Ikkje profet i eiga bygd

Ei typisk historie, meiner administrerande direktør Tom Bolstad i Bedriftsforbundet, ein organisasjon for norske småbedrifter. ­ - Det å få til noko på eigen heimstad er tyngre enn å kome utanfrå. Kommunane burde i større grad ta vare på sine eigen gründerar, seier Bolstad.

SJØLVGJORT: Helga Byrkjeland (til venstre) og Sigrun Løkken frå Kvam drog i gang matprodusenten Nøring utan kommunale støtte. Eit Oslofirma fekk kontorutstyr for 750.000 kroner for å etablere seg i kommunen.<p/>FOTO: TOR HØVIK