Styret i Gilde gjekk i går med fire mot to røyster inn for denne løysinga, som vil tappe Eid kommune for endå fleire industriarbeidsplassar.

Tillitsvald Asle Vedvik i Gilde, Eid kallar vedtaket om nedlegging og flytting av spekematproduksjonen for meiningslaus. Han seier at styrefleirtalet ønskjer å flytte produksjonen til Tynset, der det er gitt grønt lys for å investere sju millionar til å førebu pinnekjøttproduksjonen.

Det er styret i Norsk Kjøtt som tek endeleg avgjerd i saka, men etter at Gildestyret i går gjorde det negative vedtaket fryktar dei tilsette at løpet er køyrt.

Med denne flyttinga får vestlandssauene ein lang veg fra sommarbeita og til endestasjonen i pinnakjøtt-landsdelen Vestlandet. Etter slakting blir det nedskjering av kjøttet i Førde, transport til Tynset for foredling til pinnakjøtt, og transport tilbake av ferdig pinnekjøtt til vestlendingane.