Kristine Holmelid

Det var ved 18.30-tida tysdag kveld at mannen slo til ein kjenning med flaske i sentrum av Odda. Mannen måtte sy 11 sting i hovudet etter at flaska blei knust. Gjerningsmannen stakk av, og politiet leitte tysdag kveld etter han. Den mistenkte, som er i slutten av 20-åra, har tidlegare vore involvert i voldsepisodar, opplyser vakthavande ved politiet og lensmannen i Odda.