Den fem meter høge snømannen står på familien sitt tun i Hornindal. Det var pappa Olav Helge Svår som fekk ideen til den enorme isfiguren onsdag denne veka.

— Det var tilfeldig at vi begynte. Eg hadde vore på snøbrøyting og parkerte traktoren på tunet då eg kom heim. Så vi hadde den til å hjelpe oss med, vedgår Svår.

Snømannbygginga varte i heile tre timar.

— Først rulla vi tre store snøballar som vi klappa til og deretter løfta opp med traktoren, seier Svår.

Gravid traktorførar

Kona Anne-Lise Hatledal går gravid med tredjemann, men også ho deltok på prosjektet. Bak spakane på traktoren trådte ho hjelpande til.

— Eg stod i traktorskuffa og ho heiste meg opp og ned. Ho har ikkje navigert den før, men fekk instruksjonar frå meg, fortel Svår.

Midt i ansiktet til snømannen plasserte Svår ei gulrot som nase, og to avsaga vedkubbar blei til auge. Ein del av ein varseltrekant fungerer som munn, og to pinnar utstyrt med arbeidshanskar utgjer snømannen sine to armar.

Mildvêret trugar

I dag er det snømannen sin fjerde levedag, og tida har satt sine spor.

— I dag står han heilt på skeive, og det er fare for at han veltar snart dersom det kjem sol eller mildvêr.

Silje og Ingeborg tykte det var kjekt å lage den, og var ivrige til å hjelpe til. Saman har dei laga mange snømenn før, men ikkje så store.

— Dei kjem nok til å huske denne, trur far.

Har de planar om fleire store snøfigurar?

— Hehe, vi har ikkje registrert at nokon har tatt opp konkurransen, men vi får sjå. Det var i alle fall kjekt å lage den, seier Svår.

Kva synest du om det nye landemerket i Hornindal? Skriv gjerne ein kommentar i feltet under!

Anne-Lise Hatledal
Anne-Lise Hatledal