10. november blir dei første blodprøvene tatt av folk i området rundt Sløvåg.

Om to veker går dei første innkallingane ut.

Til saman skal 800 personar bli sjekka. Halvparten er kontrollgruppe for dei 400 menneska som bur eller har arbeidd i nærområdet. Kontrollgruppa kjem frå utkanten av kommunane Gulen og Masfjorden.

Sjekk x 3

– Helseundersøkinga vil fokusere på lunger og luftvegar. Det går på kva langtidseffektar folk har fått av dei ulike kjemikaliane som vart slept ut i eksplosjonen, seier Bjørg Eli Hollund. Ho er yrkeshygienikar ved Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus. Det er hennar avdeling som skal stå for helsesjekking og blodprøvetaking.

Undersøkinga av helsetilstanden er for dei 400 personane som vart mest eksponerte etter eksplosjonen ved Vest Tank i mai 2007. Til saman har over hundre personar meldt frå om plager. Dei fleste har vore plaga av kvalme, sår eller irritert hals og hovudpine.

Dei 800 personane skal inn tre gongar: I vinter, i 2010 og i 2012. Til saman blir fleire tusen prøver analyserte.

– Vi prøver å ikkje ha så mange mistankar om kva som kan liggje bak. Vi skal gjere ei grundig kartlegging, seier Hollund.

– På høg tid

Ferjemannskap, alle brannmenn som var med på sløkkinga, beredskapstroppen på Statoil Mongstad og utanlandske gjestearbeidarar skal alle vere med på helsesjekken.

Dei første resultata vil vere klare sommaren 2009, men prosjektet blir ikkje avslutta før i 2013. Til saman betalar Helsedirektoratet 22 millionar kroner for å få dei 800 personane kontrollerte gjennom fem år.

Prøvene skal bli tatt på legekontoret på Hosteland i Masfjorden kommune. Der, rundt fem kilometer frå Sløvåg, er Anne-Britt Rambjørg glad for at nokon endeleg kjem.

– Det var på høg tid. Eit prosjekt som dette skulle vore starta opp for lenge sidan, seier Rambjørg.

Sjølv vart ho berre sår i halsen. Andre i næraste slekta har blitt langt sjukare. Ektemannen jobbar i nærleiken av Sløvåg, og har fått plager.

– Kommunelegen i Gulen har stått på. No er det bra at også andre kan ta i, slik at han ikkje må jobbe med det aleine, seier Rambjørg.

Pakka ned Sløvåg-dressar

Bergen brannvesen er blant dei som skal vere med i undersøkinga.

Dei har allereie hatt ei eiga oppfølging, med full helsesjekk, ifølgje varabrannsjef Karl Otto Nesdal.

– Det er ingen registrerte reaksjonar blant våre mannskap. Det dagen var alt dynka i vatn. Det kan forklare at vi ikkje har merka dei same problema som folk i Gulen, seier Nesdal.

Etter sløkkjearbeidet i Sløvåg, vaska brannvesenet alt av utstyr. Klede og støvlar blei bytt ut. Dei gamle kleda står nedpakka, i tilfelle dei skulle bli trengt seinare til å ta prøver.

– Om politietterforskinga viser at dei opplysingane vi fekk ikkje stemmer, kan det bli svært alvorleg. Vi har aldri før opplevd å ikkje få riktig informasjon, seier Nesdal.