Det var om kvelden søndag 4. januar i fjor at heile bustadkomplekset i Høyanger sentrum stod i lys lue. Etter heroisk innsats frå frivillige og brannvesen slapp alle dei 31 eldre bebuarane unna med skrekken, nokre av dei med mindre røykskadar.

– Kommunen er forplikta

No meiner forsikringsselskapet Gjensidige at det er grunnlag for å krevje forsikringspengane tilbake frå kommunen.

– Vi har så langt betalt ut 28 millionar kroner i erstatning for bygningsmassen. Totalt vil erstatninga kome opp i rundt 30 millionar, fortel Hilde Unnli, leiar for regressavdelinga i Gjensidige Forsikring BA.

Mindre enn ein månad etter brannen, sende selskapet kommunen eit såkalla regressvarsel. No har dei avgjort å gå vidare med saka.

Bygningen med 27 omsorgsbustader ligg i tilknyting til den kommunale sjukeheimen i Høyanger, og er eigd av Høyanger Bustadstifting. Denne stiftinga leigde ut bustadane til kommunen, som framleigde vidare til sine bebuarar.

– Som leigetakar meiner vi kommunen er forplikta til å utvise aktsemd, og vi meiner det er identifikasjon mellom kommunen og leigetakaren som budde der brannen starta, seier Unnli.

Krev heile summen

Det er tidlegare kjent at brannen starta i eit husvære i 2. etasje, på grunn av eit stearinlys som kom nær ei gardin.

– Kjernen i spørsmålet om ansvar er det levande lyset som stod utan tilsyn. Og ligg det føre eit ansvar hjå kommunen, så held vi ope for å krevje tilbake heile summen, seier leiaren for regressavdelinga i Gjensidige Forsikring.

– Altså rundt 30 millionar kroner?

– Ja, det stemmer.

Ulf Larsen i advokatfirmaet Lund & Co representerer Høyanger kommune i saka, og seier han fekk den oversendt heilt nyleg.

– Det blir for tidleg for meg å kommentere dette, eg treng ein god del meir dokumentasjon, seier Larsen.

– Men eg ser jo at eit sentralt spørsmål blir kor strenge krav til aktsemd det er rimeleg å leggje til grunn i ei slik sak.

Rådmann Arvid Lillehauge i Høyanger kommune vil også vente med kommentarar inntil dei har fått saka juridisk vurdert.

Ikkje brot på regelverk

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) kom til branntomta i Høyanger nokre dagar etter storbrannen, og er i ferd med å utarbeide ein rapport om det som skjedde.

– Alt materialet er samla inn, men rapporten er ikkje ferdig skriven enno, fortel sjefingeniør Anders Arnhus i avdeling for førebyggjande samfunnsoppgaver i DSB.

Ifølgje Arnhus vil ikkje rapporten kome med sterk kritikk av nokon part som hadde tilknyting til branndramaet.

– Det starta i ein bustad der ein eldre person oppdaga at det brann i gardina. Vedkommande prøvde å sløkke, men måtte på grunn av røyken gje opp og rømme. Dermed vart dørene inn til rommet ståande opne. Det er slikt som skjer, og ingen kan etter mi meining klandrast, seier Arnhus.

– Seier litt om bransjen

Han meiner hovudproblemet var at taket på bygget, sjølv om det var bygd i tråd med gjeldande forskrifter, bidrog til ei svært rask spreiing.

– Så langt ser eg ikkje noko grunnlag for kritikk mot organiseringa rundt omsorgsbustadane, rømmingsplanar, vedlikehald av bygget eller liknande, seier Arnhus.

Ordførar i Høyanger, Kjartan Longva, legg ikkje skjul på at han er oppgjeven over Gjensidige i denne saka.

– Det er jo ikkje noko nytt at forsikringsselskap prøver seg. Men det seier jo litt om den bransjen at dei gjer det i ei slik sak, seier Longva.