— Vi kjem til å tape fleire titals millionar, seier informasjonssjef Øyvind Risnes til Firdaposten.

Fôrprodusenten har brukt ein premiks innkjøpt frå Kina i produksjonen. Prøver gjort av Mattilsynet viser at denne har hatt eit altfor høgt innhald av kadmium. I for store mengder blir kadmium rekna for å vere ei svært skadeleg miljøgift. I alt 16 norske produsentar av dyrefôr er råka av tungmetallskandalen.

Ewos vurderer no søksmål mot den kinesiske leverandøren av premiksen.

Ein god del fisk hadde alt fått av fôret, før det blei oppdaga at innhaldet av tungmetall var for høgt. Mattilsynet understrekar at det ikkje er farleg å ete av fisken. Årsaka er at gifta set seg i innvollane, ikkje i kjøtet.