I følgje senioringeniør Egil Strøm i Statens Forureiningstilsyn (SFT) ligg det 289 tonn spesialavfall frå «Probo Emu» på ein av tankane. Avfallet er eit sterkt svovelhaldig basisk slam av same type som «Probo Koala» lossa i Elfenbeinskysten. Så langt er det ikkje klart kven som skal ta seg av den «kjemiske suppa».

— Det blir no arbeidd med å finne ein mottakar av slammet. Slik det ser ut no vil spesialavfallet bli eksportert til eit mottak anten i Tyskland eller Danmark, seier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT.

Utan løyve

Det er dette avfallet som gjer at SFT no har meldt det nederlandske selskapet Trafigura til politiet. Firmaet leigde systerskipa «Probo Emu» og «Probo Koala». Som meldt i gårsdagens utgåve av Bergens Tidende meiner tilsynet at Trafigura braut internasjonale reglar då «Probo Emu» gjekk til Gulen med giftslammet. Dersom farleg avfall skal leverast over landegrensene, må både avsendarland og mottakarland ha gitt løyve. Trafigura hadde ikkje løyve frå nokon.

Då «Probo Koala» prøvde å levere same type avfall som vaskevatn i Nederland, blei dette oppdaga. Naboar varsla politiet etter at ein veldig stank la seg over området. Analysar synte at det var noko heilt anna enn vaskevatn på tankane. Avfallet blei pumpa tilbake til tankskipet, og kapteinen skal ha avslått eit tilbod om å levere til eit godkjent mottak i Rotterdam. Grunnen var at det blei for dyrt for verdas tredje største selskap innan oljehandel.

Nekta i Europa

I staden blei avfallet lossa då skipet kom til kystbyen Abidjan i Elfenbeinskysten. Her skal 528 tonn av den dødelege gifta ha blitt dumpa på ein open bossfylling. 14 personar skal ha døydd og 85.000 fekk helseplager.

Trafigura har heile tida nekta for at deira avfall kan ha vore skuld i katastrofen som har blitt karakterisert som «Elfenbeinskystens Tsjernobyl». Trafigura har likevel betalt styremaktene i det afrikanske landet 1 milliard kroner for å rydde opp, men nektar for at dette har vore å kjøpe seg fri.

Ifølgje fleire utanlandske media skal «Probo Koala» har prøvd å levere i andre europeiske hamner etter at dei måtte gå frå kai i Amsterdam. Mellom anna blei dei nekta å losse industriavfallet i Estland. Men medan giftskipet blei nekta på kontinentet, fekk dei grønt lys hos Vest Tank i Gulen.

SFT meiner det svovelhaldige slammet «Probo Emu» kom med, er av same type som systerskipet leverte i Afrika. Men dette avfallet gjekk ikkje opp i røyk i mai i fjor, det ligg på ein av tankane som står att. Giftslammet som eksploderte hadde Vest Tank laga sjølv, gjennom å fjerne svovel frå dårleg bensin.

Klarar ikkje fristen

Alexela som tok over tankanlegget frå Vest Tank i fjor sommar, har frist på seg til 1. juli med å ha rydda industriområdet. I ein e-post til SFT skriv selskapet at det kan bli vanskeleg å halde fristen. I e-posten, som Bergens Tidende har fått innsyn i, stadfestar leiinga i det estisk eigde selskapet at dei har valt tyske DVS og Bilfinger for å fjerne dei ureina grusmassane. Massane skal fraktast til Tyskland og brennast.

Tidspunket for transporten kan ikkje bli sett før det er gitt eksportløyve for avfallet, og det er gjort avtale om båttransport. Også tyske styremakter skal godkjenne at avfallet blir importert.

— Dette kan føre til at utskipinga kan bli noko forseinka i forhold til fristen som er sett til 1. juli, skriv driftsleiar Knut J. Molland ved Alexela Sløvåg.