Ikkje et brosme og blålange fiska innanfor Flornes på Tysnes og Breidvika nord for Husnes i Kvinnherad. Det er det nye rådet frå Mattilsynet, etter at prøver viser at kvikksølvforureininga i fjorden er meir omfattande enn Mattilsynet rekna med for berre to år sidan.

Tilsynet har lenge rådd gravide frå å ete fisk og skaldyr frå Sørfjorden. Andre bør unngå brosme og fiskelever frå Sørfjorden.

Etter at nye prøver viste at brosme fiska utanfor Øystese hadde tre gongar meir kvikksølv i seg enn EU tilrår, trekte Mattilsynet for to år sidan ei ny grense i Hardangerfjorden. Innanfor Tørvikbygd og Jondal burde folk halde seg unna brosme, meinte tilsynet då.

Svekkjer omdømet

Nye undersøkingar som NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings— og sjømatforsking) har gjort på oppdrag for Mattilsynet gjer at grensa no blir flytta heilt ut til Husnes.Mellom åtte og tolv fiskarar driv jamleg fiske i Hardangerfjorden, innanfor det området der Mattilsynet no rår folk til å ete brosme og blålange.

- Når grensa kjem så langt ut berører det aktivt fiske, seier styreleiar Frode Strønen i fiskarsamvirket Fisk frå fjorden. Brosme og blålange er ein del av inntektsgrunnlaget som medlemene hans no misser. Sjølv om NIFES sine analyser viser at dei økonomisk viktigare fiskeslaga torsk, sei, brisling, makrell og andre fiskeslag er orden, fryktar Strønen at dei høge kvikksølvkonsentrasjonane i brosme og blålange svekkjer omdømet til fisk frå Hardangerfjorden.

- Dess fleire gamle synder som kjem fram, dess større blir omdømmeproblema, seier han.

Uventa funn

Det var Kristine Kvangarsnes ved Universitetet i Bergen som avdekte den uventa høge kvikksølvkonsentrasjonen i brosme i Hardangerfjorden. Ho analyserte kvikksølvinnhaldet i brosme langs kysten, frå Karmøy i Rogaland i sør til Breisundet på Sunnmøre i nord og la fram resultatet i ei masteroppgåve i miljøkjemi i 2010.

Hennar undersøkinga viste at kvikksølvinnhaldet i brosme ved Øystese var 1,5 milligram pr. kilo. Det er tre gongar høgare enn grenseverdien EU og Noreg har sett, og nesten like høgt som inne i Sørfjorden.

Kvangarsnes sine overraskande funn gjorde at NIFES sette i gang med meir omfattande undersøkingar.

- Vi har eit mykje betre grunnlag for å setje ei grense. Dei vanlege fiskeartane, som torsk, sei og makrell, har vi god kontroll på at ikkje har for høge verdiar, seier professor Amund Måge ved NIFES.

Årsak ikkje avklart

Måge seier det ikkje er ny kunnskap om kvifor det er så mykje kvikksølv i brosme og blålange i Hardangerfjorden. For to år sidan peika han på tre moglege forklaringar på dei høge kvikksølvkonsentrasjonane: For det første kan straumtilhøve gjere at kvikksølv hopar seg opp i fjordane. For det andre kan naturleg avrenning frå grunnen gjere at konsentrasjonen er høgare i fjordane enn i havet. Og for det tredje kan forureining frå Sørfjorden ha trengt vidare ut i fjordsystemet.

Den siste teorien kan vere styrkt av at den største konsentrasjonen av kvikksølv er funne i brosme i Eidfjord, ifølgje Måge.