Terje Ulvedal

— No er vi berre veldig glade og fornøgde. Det var ein stille og verdig seremoni. Vi håpar dette gjer at Masoumeh og døtrene kan få bli. Og at Masoumeh kan få tilbake jobben og dei to jentene ta til på skulen, seier nygifte Sardang til Bergens Tidende.

Sidan nemndleiar Bjørn Vagle i Utlendingsnemnda i eit intervju med Bergens Tidende sist søndag signaliserte at det kunne styrke Masoumehs sjanse til å få opphald dersom ho gifta seg med sambuaren, har støttespelarane i Sogn lagt seg i selen for å få inngått ekteskapet.

Og klokka eitt i går inntok dei to kyrkja ved Hafslovatnet på svært kort varsel for å gje kvarandre sitt ja.

Feiring i vår

Dei nygifte hadde ikkje lagt opp til noko stor feiring i går.

— Den tar vi først når Masoumeh har fått det opphaldsløyvet vi alle håpar ho skal få. Og då skal vi ha to festar. Ein her på Hafslo og ein i Danmark for vennene og familien vår der. Kanskje kan det bli alt til våren?, håpar Sarang.

Han er fødd i Iran, men dansk statsborgar og har i fleire drive restaurant i sognebygda. Og Masoumeh har både ein bror og ei søster i Danmark.

Det var soknepresten på Hafslo, Ole Dagfinn Østhus, som stod for vigsla.

— Med den kjennskap eg har til desse to, ser eg på dette som eit veldig seriøst samlivsprosjekt. Eg ønskjer brudeparet lukke til og alt godt for framtida, seier Østhus.

Til Bergens Tidende fortel Hafslo-presten at han heldt ein tradisjonell kyrkjevigsel for dei to. Etter det Bergens Tidende kjenner til var planen at Østhus alt for fleire veker sidan skulle vigd sambuarparet.

Alt var klappa og klart då biskop Ole D. Hagesæther sette foten ned. Han rådde presten frå å stå for vigsla, sidan Masoumeh ikkje har lov til å gifte seg utan gyldig opphaldsløyve.

Sokneprest Østhus ønskjer ikkje å kommentere kva det var som gjorde at han i går likevel valde å ekte dei to.

- Rørande

Eit vennepar frå Hafslo var trulovarar. Til stades i kyrkja var også Masoumehs to døtre, far til Sardang som hadde komme frå Iran og vener og støttespelarar av paret.

Mellom dei Tor Bremer. Fylkesvaraordføraren og Ap-leiaren i Sogn og Fjordane har engasjert seg personleg i Masoumehs sak.

— Det var ein stilfull og nydeleg seremoni. Eg blir alltid rørt når seg ser to menneske som er glade i kvarandre gifte seg. Og at det er tilfellet kan ingen som var med i dette bryllaupet vere i tvil om, seier Bremer. Iranske Masoumeh og dei to døtrene flykta frå sin kriminelle iranske ektemann i 1999. For to år sidan kom ho til Norge, etter å ha fått avslag på søknad om asyl i Danmark. Sidan då har ho vore busett i Sogn, og den siste tida sambuar med Sardang.

Den 28 år gamle kvinna fryktar borna blir tatt frå henne, og at ho sjølv blir dømd for utruskap dersom ho blir send tilbake til heimlandet. Dommen kan i stå fall bli steining. No er håpet at ho sjølv får opphaldsløyve, og dermed også kan søkje familiegjenforening slik at dei to døtrene også får bli.

— Med den forhistoria dette bryllaupet har, blei det ekstra sterke kjensler, seier Tor Bremer.

HÅPAR PÅ OPPHALDSLØYVE: I går gifta Masoumeh og Sardang seg i Hafslo kyrkje. Dei håpar ekteskapet skal vere nok til å gje den 28 år gamle iranske kvinna opphald i Norge. Odd Lagesen var Sardangs trulovar. I bakgrunnen sokneprest Ole Dagfinn Østhus.
TOR YTTRI, SOGN AVIS