Sjølv om du bur i Bergen sentrum og føler deg skral, er det ikkje nødvendigvis den frykta Giardia-parasitten som er på besøk i tarmane dine. Det kan også vere Noroviruset — også kalla «vinterdiare».

Begge to kan gje symptom som solide magesmerter, diare og oppkast. Derfor kan parasitt og virus vere vanskeleg å skille frå kvarandre.

— Når det står på som verst, kan det vere vanskeleg for folk flest å vite om dei har fått det eine eller andre, seier smittevernoverlege Stig Harthug på Haukeland Universitetssjukehus til BT.

- Ufarleg, men ubehageleg

Her er Harthugs huskelapp: Typisk for Noroviruset er oppkast og akutt diare, som sjeldan varar i meir enn ein til to dagar, før det går over av seg sjølv. Mest vanleg for Giardia er magesmerter og laus mage over lang tid. Parasitten må behandlast med antibiotika.

I går skreiv BT om magesjauen som har slått ut både pasientar og tilsette ved Haukeland. Syndaren er Noroviruset, som kvart år regelmessig forårsaker det vi på folkemunne kallar spysjuke eller omgangssjuke. Harthug avdramatiserer situasjonen på Haukeland.

— Det er ikkje farleg, berre ubehageleg. Når pasientar har spysjuke og tilsette blir sende heim, skapar det sjølvsagt problem for drifta, seier Harthug til BT.

— Men vi har gode rutinar, og har ikkje eingong vore inne på tanken om at dette kunne skuldast Giardia. For fagfolk er det nokså enkelt å sjå forskjellen.

Vask hendene

Giardia og Norovirus har meir til felles enn symptom: Begge kan smitte gjennom vatn, eller frå person til person, ifølge Folkehelsa.

— Av alle agens - det vil seie bakterier, parasittar og virus - er Norovirus det vanlegaste i samband med vassboren smitte, seier førsteamanuensis ved Norges Veterinærhøgskole, Mette Myrmel.

— Det er også svært vanleg med opphoping av Norovirus-smitte på denne tida av året og over jul, fortel ho.

Smitte frå familiemedlem til familiemedlem er svært vanleg. Å ta i same dørhandtak kan vere nok. Derfor er god handhygiene særs viktig.

Sjå formen an

Under Giardia-epidemien i Bergen har legevakten hatt opptil 40-50 pasientar med magesmerter og diare i kø på venterommet. No er det verste over, men legevaktsjefen utelukkar ikkje at Noroviruset kan gje eit lite oppsving på venteværelset igjen.

— Det kan vere vi får fleire pasientar, som trur dei har Giardia. Derfor tek dei kontakt med lege tidlegare enn dei elles ville gjort. Men det kan vere Norovirus, og derfor er det lurt å sjå an formen nokre dagar før du går til lege, oppfordrar Frank van Betten.