— Ustabile fjellparti på austsida av Flåmsdalen og Aurlandsfjorden kan føre til fjellras som kan gå ut i fjorden og skape øydeleggjande flodbølgjer, konkluderer Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Norges Geotekniske Institutt (NGI).

I eit notat til Aurland kommune gjer Lars Harald Blikra i NGU og Anders Solheim i NGI eit estimat over storleiken på det ustabile fjellpartiet. Dei to rasekspertane reknar med at frå 50 til 200 millionar kubikkmeter kan vere i rørsle. I verste fall kan det ustabile fjellområdet i Indre Sogn vere meir enn dobbelt så stort som den langt meir kjende Åknesrenna på Sunnmøre.

Eit heilt program

  • Det ustabile området er eitt av dei største som er kartlagt i landet, og er sett saman av fleire avgrensa område der djupne og sprekkmønster varierer.

Dei to geologmiljøa skisserer eit stort program for å få undersøkt fjellpartiet som i daglegtale blir kalla Stampa. Mange av elementa er dei same som har vore brukt for å kartleggje Åkneset.

Granskingsprogrammet omfattar seismiske undersøkingar og boringar i ulike område. I borehola skal det plasserast sensorar som måler rørslene i fjellet og vasstrykket. Også på overflata skal det målast, og det må etablerast ein fullskala meteorologisk stasjon med fleire målepunkt for snødjupne. I tillegg vil forskarane måle vassføringa i elvar og bekkefar. Målet er å få nødvendig kunnskap for å vurdere behovet for å innføre overvaking og beredskap.

  • Kunnskapsoppbygginga som vil skje gjennom dette programmet, vil vere eineståande i norsk samanheng, heiter det i notatet.

Stabilt når tørt

I ein rapport som kom tidlegare i haust, var konklusjonen at delar av Stampa sig. Dette blir understreka i notatet frå Blikra og Solheim. GPS-målingar dei siste åra viser at fjellet sig frå nokre få millimeter enkelte stader i fjellsida til fire centimeter i andre område.

  • Det skjer ei eintydig rørsle ned mot fjorden, skriv dei to.

Problemet er at det ikkje finst data om dei geologiske forholda i djupet av Stampa. Tidlegare er det konkludert med at fjellet er stabilt når det er tørt. Rørslene kjem med aukande vassmengder, t.d. i snøsmeltinga.

— Det er grunn til å tru at mykje av rørslene er styrt av snøsmelting og nedbør. Dette er sannsynlegvis årsaka til variasjonen frå år til år. Vi har likevel ikkje målingar som kan stadfeste samanhengane.

Drenere

I haust blei det lansert planar om å drenere vatnet for å gjere fjellsida stabil. Sidan det likevel skal gjerast inngrep, er planane å føre vatnet i tunnel til det store Viddalsmagasinet og bruke det i kraftproduksjonen i Aurland. Vatnet frå rassikringa av Stampa er sentralt i planane energiprodusenten E-Co har lansert om ny kraftutbygging for tre milliardar kroner i Aurland.