1. – 28. og 29. oktober vitjar ei gruppe geografistudentar Voss i samband med eit samfunnsfaglig feltkurs som i år har valt VOSS som tema.

Under Vossa-oppholdet vil studentene m.a. intervjue ei rekkje personer om aktuelle tilhøve innenfor dei oppgavene dei ulike studentgruppene har valt.

Næringsutvikling er eit sentralt tema for geografistudentane.

-Voss' utfordring om korleis utvikle det tradisjonelle, samtidig appellere til ungdommen, er noko studentane skal jobbe mykje med, seier førsteamanuensis Grete Rusten ved Universitetet i Bergen (UiB) .

Universitet i Bergen/Geografisk institutt står bak prosjektet, som vert gjennomført i samarbeid med Voss kommune .

Det er i alt 26 studenter fordelt på 8 temagrupper som inntek Vossabygda i desse dager.

Tema som studentene har valt å fordjupa seg i er desse:

  • Voss Fjellandsby
  • Landbruk på Voss
  • Vikafjellsvegen
  • Vern og forvaltning av natur og kulturlandskap
  • Næringsliv og nyskaping
  • Ungdom og fraflytting
  • Omstilling i kulturlivet på Voss (med fokus på Ekstremsportveko og Vossa Jazz )
  • Nisjemat

— Studentane har vore veldig engasjerte, seier Grete Rusten.

Prosjektet er del av studieopplegget; og tilsvarende fordjupningar i Hordalandskommunar har også funnet stad tidlegare.

I fjor var t.d. Askøy tilsvarende oppgavetema.

Funnene som studentene gjer, og dei konklusjoner dei trekker på grunnlag av Vossa-oppgåva si vil verta samlet i ein rapport; som m.a. Voss kommune vil få tilsendt.

Ta vel imot geografistudentane på granskingsferd i tema Voss!

Ekstremsportveko.
Ørjan Deisz
Vikafjellsvegen.
John Lindebotten
Voss Fjellandsby.
Lillebø, Jan M.
Vossajazz.
Vegar Valde