Skulptøren Jerry McKenna har ein flunkande ny skulptur ståande fiks ferdig i atelieret sitt i Texas. Rockne-fan Jerry er slett ikkje gjerrig. Voss får dette kunstverket gratis levert i Bergen.

Ordførar Bjørn Christensen signaliserer at det må stå ein eller annan stad vest for Vangskyrkja. Huset Rockne vart fødd i, stod like aust for Esso-stasjonen nedanfor jernbanestasjonen, kanskje inne i vestlegaste fløyen av Park Hotell Vossevangen, fortel Jørgen Rokne. Far til Knute var grandonkelen hans.

— Amerikanarar som har vore på Voss, er skuffa over kor lite minnesmerket etter han i fødebygda er, seier Jerry McKenna til bt.no.

Ein stein i Rockne-parken i Stasjonsbrekka, med eit relieff i knehøgd. Det er alt.

McKenna gir heller godt mål. Knute Rockne målte 173 centimeter på strømpeleisten, men i bronseversjonen er han strekt til 188 centimeter. Bronse er forresten ikkje heilt korrekt namn på legeringa skulpturen er laga av. Koparen er ikkje blanda med tinn, men med gull, aluminium og jern.

— Gullet er frå Notre Dame-domen, aluminium frå flyet han omkom i i 1931, jernet symboliserer hestevognene som faren, Lars, laga, og som førte familien til USA, forklarer McKenna.

Den tidlegare offiseren forlet forsvaret som oberstløytnant for å konsentrera seg om skapande kunst. Han har laga fleire skulpturar av generalar, idrettsfolk og andre kjende. Ei byste av Knute Rockne er alt på plass i CV'en, men skulpturen i heilfigur vil han gje til Voss.

Han er for tida på Voss for å førebu avdukinga neste vår. Då er det 75 år sidan Rockne døydde, til landesorg over heile USA. Han er framleis den mest kjende norske innvandraren "over there", med klar margin til nr. 2, Grethe Waitz, sjølv om ho har vunne New York Maraton ti gonger.

Rockne vart ført kjend som spelar, deretter legendarisk som trenar for Notre Dame-universitetet, i amerikansk fotball. Bergen har kjende idrettsfolk av same vossaslekta, Roald "Kniksen" Jensen (fotball) og Marianne Rokne (handball).

Under opphaldet på Voss fekk McKenna sjå nærare på ein veteranbil av merket Studebaker Rockne, og han fekk køyra med hest og vogn gjennom Vangen i ei ekte Rockne-vogn, laga av Lars Rockne og restaurert av Bruvik Vognfabrikk på Osterøy.

FOR SMÅTT: Jerry McKenna ved steinen med relieff i Rockne-parken ved Voss jernbanestasjon. Huset der Knute Rockne vart fødd i 1888 stod nokolunde tvers over gata.
ARNE HOFSETH