Det er ikkje over før det er over. Ungdom frå Kvam, Granvin og Ulvik vil minna regjeringa om at mastebygging i Hardanger er lite framtidsretta.

Fotavtrykk

«Fotefar for framtida» står det på ein av bannera som skal berast på Karl Johan og i Regjeringskvartalet i dag, framfor første regjeringskonferansen etter høyringsrunden om sjøkabelutgreiingane.

Resten av banneret er fylt av fotavtrykk i gilde fargar. Skuleborna i Hardanger har dei siste dagane dyppa ein fot i måling, og deretter sett avtrykk på lereftet. Denne gongen er det besteforeldregenerasjonen som har klekkja ut ideen.

Kan vera skjebnetimen

— Avgjerda kan falla i dag, men det er ikkje sikkert, seier initiativtakar Joakim Winters.

Han har høyrt rykte frå Oslo om at regjeringskonferansen blir litt utsett i dag, og skal haldast på eit klokkeslett då statsråd Terje Riis-Johansen er oppteken på anna hald.

I alle fall sette flokken av ungdomar og besteforeldre seg på nattoget på Voss seint i går kveld og slumra mot Oslo.

Klok av skade

Men før avgang sytte Vilde Hamre, den nye leiaren i Granvin ungdomsråd, for å notera namn og telefonnummer til alle sine deltakarar. Dei veit godt kor viktig slike detaljar er på ei fellesreise. Etter ein tidlegare mastedemonstrasjon i Oslo, køyrde bussen utfor vegen i snøføyka på Hardangervidda på heimvegen.

NY LEIAR: Vilde Hamre er ny leiar i Granvin ungdomsråd. Ho overtok etter Synnøve Kvamme.
TOK INITIATIVET: Bestefar Joakim Winters frå Ulvik fekk ungdommen til å tenna på ideen om fleirgenerasjonsaksjon i Oslo i dag. FOTO: Arne Hofseth