• Dei som ferdast på fjorden bør halda seg minst 20 meter frå land, seier John Johnsen i Aurland til Bergens Tidende.

Han minner om at geiter og killingar klatrar i dei steile fjellsidene, og får ofte steinar til å losna. Ein stein kan dra fleire med seg, og deiser med stor kraft ned i fjorden.

— Lokalkjende veit kvar geitene er, men ukjende bør halda seg minst 20 meter frå land der fjellet går bratt i sjøen. Det gjeld særleg Nærøyfjorden og delar av Aurlandsfjorden, seier Johnsen.

Han er hamnesjef i Aurland og leiar av teknisk etat i kommunen.

Johnsen er for tida med på leitinga etter den sakna fiskaren i Årdalsfjorden, og har ikkje heilt klart for seg kva som var årsaka til dødsulykka i Geirangerfjorden. Men han meiner at det ikkje er stor fare for vanlege steinras i Aurland sitt fjordsystem.

— Er 20 meter langt nok ute?

— På denne tida av året, meiner eg at det må vera trygt. Om hausten, når faren for stein- og jordras aukar, bør ein halda seg lengre unna. Og for dei som vil ferdast på fjorden om vinteren, kan det koma snøras som går langt ut på fjorden, påpeikar Johnsen.

— Er det ikkje naturleg at kajakkpadlarar vil halda seg nær land i tilfelle kantring?

— Sjølvsagt. Men der fjellet går nesten loddrett i fjorden, bør ein likevel halda ein viss avstand, og heller padla varsamt, seier Johnsen.

Padling på fjorden har auka sterkt dei siste åra, ikkje minst i Nærøyfjorden og Geirangerfjorden, som saman representerer Vestnorsk fjordlandskap på UNESCO si verdsarvliste.