— I dag ser det litt lysare ut. Ein båt har vore innover og laga råk i isen, og ordføraren kom på besøk i helikopter, fortel Tora Eikemo (snart 82) til Bergens Tidende.

Isen på Åkrafjorden har gjort det umogeleg for geitebøndene på veglause Eikemo å få mjølka fram til ysteriet på Haukeli sidan før helga. Og det nyttar ikkje å legga mjølka på is når isproblema på fjorden tårnar seg opp.

— Gardane har kvar sin tank på 600 liter. Når dei ikkje vert tømde jamnleg, vert ny mjølk blanda med gamal, og all mjølka på tanken vert skjemd, forklarer Tora.

Tankane vert vanlegvis tømde tre gonger i veka, tysdag, torsdag og laurdag. Sidan geitene er inne i sin beste mjølkeperiode, blir tankene fulle etter ei veke. Mjølka ville vorte betalt med seks-sju kroner literen.

Skøyta som var innover fjorden i går knuste isen kraftig opp. Det er gode voner om at isen skal koma på rek utover. Dermed kan den innefrosne lokalbåten ta opp att trafikken som kombinert skuleskyss, mjølketransport og postrute. For skulejenta Solfrid, som skal stå konfirmant til våren, kan det kanskje bli skyss til skulen i dag, siste dagen før vinterferien.

Båten går tvers over fjorden til Viskjer. Der stoggar rutebussen mellom Odda og Haugesund.