I morgontimane i dag fekk geitebonde Ola Søgnesand i Jølster fleire telefonar frå trafikantar som sperra opp augene då dei møtte geita inne i tunnelen. Søgnesand hadde ingen grunn til å tru at dyret høyrde til i hans flokk, men rykka likevel ut for å berge den firbeinte krabaten.

Nærare studiar av dyret synte at Søgnesand hadde rett i at det ikkje var hans geit. Ho høyrer til på ein annan gard i Jølster, melder NRK Sogn og Fjordane.