Pianisten Einar Røttingen opnar Geirr Tveitt-innslaga med den monumentale Sonate nr. 29. Røttingen vil både spela og fortelja. Han er professor ved Griegakademiet i Bergen.

Visesongaren Lars Klevstrand skal i elden to gonger.

Først eit konsertføredrag i Pianobaren på Park Hotell Vossevangen laurdag ettermiddag. Med forteljing og musisering vil Klevstrand gje eit bilete av samarbeidet han hadde med Geirr Tveitt og dei visene som kom ut av samarbeidet.

Motstraums

Mot kvelden sundag er det duka for konserten «Tverr Geitt» i Osasalen. Geitt Tveitt kalla seg stundom for Tverr Geitt, mot straumen og på tvers av tida. Lars Klevstrand brukte uttrykket då han spela inn viser til Tveitt-musikk i 1994. Klevstrand har med seg Edvard Askeland, Morten Halle, Frank Jacobsen og Rune Klakegg på denne konserten.

Helgeland også

Høgdepunktet kjem kanskje i bedehuset Nain sundag ettermiddag, der 100-årsjubileet for Geirr Tveitt vert slått saman med 150-årsjubileet for spelemannen Sjur Helgeland.

Konserten har først ei avdeling med tre hardingfeler, bratsj, cello og bass. Deretter trør Orkesteret Fossegrimen (symfoniorkester) til med «Tri fjordar» med Gjermund Larsen som solist på hardingfele, og nokre satsar frå «Hardingtonar». Og innimellom vert det innleiingar ved Brita Tveite og Reidar Storaas.

RADIOLYTTAR: Geirr Tveitt søkte tilhald hjå venen Sigbjørn Bernhoft Osa på Voss då uroppføringa av symfonien hans vart overført i radio.ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH